Hopp til innhold

Innbyggjarar i rasbygd fortvilar: – Det støkk i meg kvar gong eg ser ein ny stein

ÅKRA (NRK): Etter ei veke i isolasjon krev innbyggjarane rassikring på einaste veg til bygda. Men til det er både bygda og rasfaren sett på som for liten.

Stengd veg i Åkra i Kvinnherad

REDD: Anne-Grethe Kjærstad Berge er ei av mange i Åkra som pendlar kvar dag fram og tilbake på fylkesveg 40. Ho har sjølv fått stein i bilen på strekninga.

Foto: Tale Hauso / NRK

Dei 150 innbyggjarane i Åkra i Kvinnherad vart isolert frå omverda i ei veke etter at det gjekk eit stort steinras 28. juni.

Dette er ikkje første gongen Åkra er blitt isolert av ras. Det same skjedde 18 januar 2011. Då vart vegen rydda same dag.

– Det kjem steinsprang på strekninga kvar vinter. Det er ikkje kjekt å ha rasfaren hengjande over seg, seier Anne-Grethe Kjærstad Berge.

Ho pendlar kvar dag på fylkesveg 40, og har sjølv fått stein i bilen.

– Det støkk i meg kvar gong eg ser ein ny stein. No er det på tide at noko blir gjort, seier ho.

Steinras isolerer bygda Åkra i Kvinnherad

STEINRAS: Bygda Åkra i Kvinnherad vart isolert etter eit større steinras.

Foto: Lars Emil Berge

Krev tiltak mot ras

Fleire av innbyggjarane som NRK har prata med krev at vegen frå 1970 blir betre sikra.

– Vi er heilt avhengig av vegen. Det er den einaste vi har og då må den vera betre, seier Arild Kvame som er mjølkebonde.

Han og kollega Oddbjørn Sørheim gjekk tom for kraftfôr og fekk ikkje levering då bygda var isolert. Heldigvis hadde nokre naboar til overs.

Lars Emil Berge er redd få vil bu i Åkra når dei veit at vegen er så dårleg.

– Politikarane er i ferd med å laga klar den raude løparen for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Eg håpar dei heller gjer noko for å sikra vegen eller helst byggja tunnel, seier Berge.

ÅKRA

Ingen konkrete planar

Hordaland fylkeskommune er vegeigar for fylkesveg 40. Dei har førebels ingen konkrete planar for å hindra rasfarlege reiser i framtida ved Åkra.

– Det er andre strekk på vegnettet vårt som er meir utsett for ras, seier fylkesdirektør for samferdsle, Håkon Rasmussen.

Rasmussen viser til at fylkeskommunen har investeringsprogram for fylkesvegnettet der rassikring ligg inne.

– Det er ei lista over faglege vurderingar og skredfaktoren avgjer plasseringa på lista, seier samferdsledirektøren.

Her er det seks ulike faktorar, der vegen si trafikkmengd og tal på skred vektar mest.

Lengre sør på fylkesvegen har Sundalstunnelen kome med i investeringsprogrammet med oppgraderingstiltak og isnett grunna høg fare for skred.

Oddbjørn Sørheim og Arild Kvame

UTFORDRANDE: Oddbjørn Sørheim (t.v.) og Arild Kvame er mjølkebønder i Åkra. Dei gjekk tom for kraftfôr då vegen var stengd i ei veke.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vil løfta fram saka

Fungerande ordførar i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold forstår frustrasjonen til innbyggjarane i Åkra.

– Det er eit rasutsett område og har ikkje ein akseptabel vegstandard. Fylkesvegen har ikkje blitt løfta godt nok fram til no, seier Myrvold.

Han seier til NRK at saka vil bli tatt opp ved første anledning i kommunestyret og med fylkeskommunen.

– Vi vil gå i gang med kartlegging. Fylkeskommunen må ta tryggleiksansvar her.

Myrvold vil foreslå fleire alternativ. Som betring av kaianlegg som eit strakstiltak, betre sikring av vegen eller ein tunnel.

Sikringsarbeid i Åkra, Kvinnherad

SIKRA FJELLSIDA: Trugande steinar hang igjen i fjellet etter raset, noko som gjorde at fjellsida måtte sikrast før vegen kunne opnast.

Foto: Tale Hauso / NRK