Hopp til innhold

Innbrot på Skogsvåg

Einkvan braut seg inn hjå Skogsvåg auto på Sotra i natt. Politiet fekk meldinga 01.48. Politiet har ikkje oversikt over om noko er teke frå bedrifta, men meiner éin eller fleire personar har vore inne. – Politiet fann brytespor på ei dør, og har søkt med hundar i området. Det vart diverre ingen fangst, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.