Hopp til innhold

Innbrot i passasjerbåt

Det er meld om innbrot i ein blå katamaran ved Strandkaien i Bergen sentrum, opplyser politiet. Døra og ein safe om bord på passasjerbåten «Ryggerkatt» er broten opp, og politiet er no på staden for å gjere undersøkingar. Dei ber om tips frå publikum som kan ha sett noko.