Slår alarm etter E39-kaoset: – Vassrøyra har vore tikkande bombar – no går dei av

Nær ein tredjedel av vatnet lekk ut før det kjem fram til norske kundar. Det er fem gonger høgare enn i Danmark. No krev Rådgivende ingeniørers forening eit nasjonalt ekspertutval for å betre infrastrukturen.

Vannledningsbrudd Sandviken E39

HER SKJEDDE BROTET: Vassleidningsbrotet skjedde ved E39 i Sandviken i Bergen. Kommunen hadde ikkje tatt høgde for dei konkrete konsekvensane som brotet gav.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Trafikken i Bergen blei fullstendig lamma etter det store vassleidningsbrotet i Sandviken onsdag.

Røyret som brast var 93 år gammalt og skulle skiftast i 2025.

Det er andre gong i år vassinfrastruktur slår ut lokalsamfunn; først Askøy i sommar og no E39 i Bergen denne veka.

Administrerande direktør Liv Kari Skudal Hansteen i Rådgivende ingeniørers forening, som representerer 180 bedrifter og 12.000 tilsette, meiner hendingar som desse er varsla katastrofar.

– Dette har vore tikkande bomber lenge, men no byrjar desse bombene å gå av, seier Hansteen.

Rør på E39 i Sandviken

JOBBA GJENNOM NATTA: Entreprenørane grov eit fleire meter djupt hol i E39 i Sandviken, for å komme ned til røyret og bytte ut ein del av det.

Foto: Mette Anthun / NRK

Vil ha nasjonalt utval om vasskroner

I heile landet er vedlikehaldsetterslepet på vass- og kloakknettet i Noreg er svært stort, og vil koste 390 milliardar kroner, ifølgje foreininga.

I Bergen skiftar dei ut 0,6 prosent av vassrøyra i året, men dei har eit mål om å skifte ut ein prosent i året.

Takta er for låg, meiner Hansteen.

Foreininga har bedt regjeringa om å sette ned eit ekspertutval for å sjå på korleis kommunane kan få mest mogleg røyr for pengane.

– Nasjonale styresmakter har ikkje hatt noko særleg merksemd rundt problemet. Når ein del kommunar slit, og behova er så store, må desse pengane kome frå ein stad, seier ho.

LIV KARI SKUDAL HANSTEEN

INGENIØR-FOREINING: Liv Kari Skudal Hansteen, administrerande direktør i Rådgivende Ingeniørers Forening. Foreininga representerer 180 bedrifter og 12.000 tilsette.

Foto: Nicolas Tourrenc

Fem gonger så mykje lekk her som i Danmark

Hansteen peiker på at norske vassanlegg lekk mykje meir enn nabolanda våre.

Frå vatnet er ferdig reinsa til det kjem ut av kranen hos kundane, har 30 prosent forsvunne.

– I Sverige er talet 15 prosent, og det er 6 prosent i Danmark. Noko skuldast geografi, men og korleis ein tenkjer om vasskvalitet. Lokale politikarar kvir seg for å auke avgifta, og Staten har ikkje fokus på dette. Det var til dømes lite å sjå i nokon av stortingspartia sine program, seier Hansteen.

Tømming av høgdebassenget på Øvre Kleppe på Askøy

ASKØY: I sommar blei fleire tusen sjuke av drikkevatnet i Askøy kommune.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Storbyane har 150 år gamle røyr, men 50 år gamle røyr er verre

Dei eldste røyra i vassleidningsnettet i Noreg er bygd på 1800-talet. Årsaka til at dei framleis er i bruk, er at dei stort sett har fungert bra.

Professor i vass- og avlaupsteknikk ved NTNU, Sveinung Sægrov, seier at den generelle kvaliteten på vassrøyra i Noreg er god.

– Men det er ein del variasjonar. Mykje er skifta ut, men mykje står att, seier Sægrov.

Han peiker på at alder og kvalitet ikkje utan vidare går hand i hand.

– Det er ikkje alderen som gir høg risiko. Den ligg meir på der ein har vore uheldig med materialval. For eksempel då ein starta med plastrøyr i 1965, var den første generasjonen av desse utsett for skader, seier han.

Beredskapssjef i Bergen, Ivar Konrad Lunde, meiner hendinga i Sandviken illustrerer kor avhengig bergensarane er av velfungerande infrastruktur.

– Dette viser kor sårbart bergenssamfunnet kan vere. Eit øydelagt røyr kan vere nok til å lamme heile byen når uhellet er ute, seier Lunde.

Ivar Lunde

BEREDSKAPSSJEF: Ivar Konrad Lunde, beredskapssjef i Bergen, seier at hendinga i Sandviken viser kor sårbart samfunnet kan vere.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK