Hopp til innhold

Ingen teikn til asbest på Florvåg skule

Overflateprøvane som blei tatt på Florvåg skole, etter at elevar tok med seg restar av eternittplater inn på SFO, viser ingen funn av asbest.

Florvåg skole

OPNAR IGJEN: Rektor er glad for å kunna opna SFO igjen, då prøveresultata viser at det ikkje er komen asbest inn på skulen.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– No er me veldig letta. No skal me berre gjera dei siste førebuingane før me kan opna SFO igjen, seier rektor Tone Sanne ved Florvåg skole til NRK.

Måndag skreiv NRK at foreldre slo alarm etter elevane kom heim med gåver laga av asbestplater, noko som førte til at SFO blei stengt.

Prøvane, som er tatt rundt arbeidsstaden der elevane jobba, og kor det tydeleg ikkje var vaska, viser at det ikkje er komen asbest inn på skulen.

Vurderer framleis å sjekka elevane

Elevar ved Florvåg skule skal i starten av veke to ha vaska, pussa og måla eternittplatene på SFO.

Alarmen gjekk då ein far blei mistenksam etter at dottera kom heim og viste han «gåva».

Asbestplater funnet på skole på ASkøy

ETERNITT: Fem eller seks elevar ved Florvåg skule skal ha vaska, pussa og måla desse eternittplatene før dei tok dei med seg heim som gåver.

Foto: Privat

SFO-avdelinga blei stengt ned same dag, og skulen sende SMS til foreldra til alle elevane.

Ved analyse av materialet viser det seg at platene inneheldt asbest.

Sjølv om skulen no er friskmeld, vurderer kommunelegen og miljøretta helsevern framleis sjekk av elevane.

Hektiske veker

Rektor Sanne beskriv dei siste vekene som hektisk.

– Det har vore mykje å tenke på, men me har fått god støtte frå fagavdelingane me har vore i kontakt med, foreldra og dei tilsette på skulen.

Sjølv om prøveresultata frå skulen ikkje viser teikn til asbest, kjem skulen til å vaska bygget.

– Etter råd frå yrkeshygienikar ved Bedriftshelsetenesta er vask av alle horisontale overflater tilstrekkeleg. Filtrera i ventilasjonsanlegget skal også skiftast, seier Sanne.