Hopp til innhold

Ingen tatt av ras

I går kveld gjekk det eit ras ved Mauranger i Kvinnherad. Ingen skal vere tatt av raset, men vegen er framleis stengt.

Ras i Kvinnherad

SPERRAR VEGEN: I går kveld gjekk det eit ras i Krokagildet ved Mauranger i Kvinnherad.

Foto: Amund Maage

Klokka 23:40 fekk politiet melding om at det hadde gått eit ras i Krokagildet ved Mauranger i Kvinnherad på fv. 551.

Brannvesenet og andre naudetatar rykka ut etter melding om ras, Sea King var på veg frå Sola med lavinehundar og Røde Kors søkte gjennom raset.

– Det er overveldande sannsynleg at det ikkje har vore nokon i skredet. Men for å vere på den sikre sida, sender vi opp Røde Kors for å gå gjennom skredet, sa redningsleiar Eirik Walle på Hovedredningssentralen i går kveld.

Klokka 00.30 vart raset undersøkt og det vart ikkje funnen nokon.

Laster Twitter-innhold

Vegen framleis stengt

Vegen er framleis stengt i Krokagildet ved Mauranger etter at raset sperrar vegen. Statens vegvesen vil vurdere situasjonen når det blir lyst.