Fest på rommet med røyking tillatt. Dét har blitt ein stor slager for hotellgjestane etter at røykelova blei innskjerpa i fjor sommar.
Intens røyking
Sjølv om lova har blitt streng, er det endå lov for hotella å ha gjesterom der folk kan røyke. Og då samlast ein gjerne der.
Resultatet er meir intens røyking på romma enn tidlegare, fortel direktør på Augustin Hotel i Bergen, Kjetil Smørås.
- Det medfører ekstraarbeid for oss, seier han.
Dyrt vedlikehald
Det er lov å røyke på fire av ti rom på hotellet. Men no blir det festa meir og røykt meir, og det gjer det dyrare å vedlikahalde og reingjere romma.
- Vi har faktisk vore inne på tanken å kutte heilt ut å ha røykerom og ha eit heilt røykfritt hotell, seier Smørås.
Utviding av røykelova
Om ikkje hotella sjølv frivilleg forbyr røyking, meiner Smørås det vil vera ei naturleg innskjerping av røykelova å forby røyking på alle hotellromma.
- I dag er det vel berre dette som heng igjen. Det ville vore veldig positivt for våre medarbeidarar og tilsette med eit forbod.