NRK Meny
Normal

Ingen planar om hitliste for vinyl i Norge

Stor auke i vinylsalet gjer at britane innfører eigne salslister for formatet, men ei slik liste kan vinylentusiastar førebels sjå langt etter her til lands.

Vinyl platespiller

FORMAT I VEKST: Ei snurrande vinylplate blir meir og meir vanleg i norske heimar og hus. I fjor kjøpte nordmenn

Foto: illustrasjonbilde Colourbox

– Vi har ingen konkrete planer om innføring av egen vinylliste i Norge, seier Marte Thorsby, leder i IFPI Norge til NRK.

Plateselskapa som er medlem i IFPI står for 90 % av musikksalet i Norge. Årsrapporten frå organisasjonen kom førre veke, og den syner totalsalget i Norge, inkludert statistikk frå FONO og andre plateselskap.

Statistikken viser at salet av vinyl framleis er i vekst i Norge. I fjor vart det selt vinyl for 15 millionar kroner her til lands, og formatet utgjorde 18 prosent av det fysiske salet.

– Marknaden er for liten

Styreleder i Spellemannprisen, Marte Thorsby

Marte Thorsby i IFPI Norge.

Foto: Tommy Normann

Veksten stemmer overeins med trenden internasjonalt. Globalt passerte salet av vinyl 345 millionar dollar i fjor, det vil seie nærare 2,8 milliardar norske kroner.

Etter at det vart selt nær 1,3 millionar vinylplater i Storbritannia i 2014, har britane bestemt seg for å innføra eigne salslister for vinyl.

Thorsby seier dei jamleg diskuterer kva lister som bør utviklast for det norske marknaden.

– Men om vinyldiskusjonen skal takast opp att må vi ha nok utsalsstader for vinyl som rapporterer til VG-lista. Vi har ein del i dag, men manglar framleis nokre. I tillegg er det norske marknaden relativt lite, så det må takast med i vurderinga at det kan vera enkelt å manipulera ei slik salsliste for vinyl.

– Ei liste kan bevisstgjere

Tor Tessem er dagleg leiar på platebutikken Apollon i Bergen. Også han minner om at vinylmarknaden framleis er relativt avgrensa, men Tessem meiner ei liste kan vere med å bevisstgjere folk.

– Det positive med ei slik liste er at det minner folk på at dette produktet finst og at det gjer det særdeles bra. Eg forstår at dei no innfører hitlister for vinyl på den store marknaden og eg er sjølvsagt positiv til noko slikt her i Norge. Men samstundes ser eg kvifor det ikkje skjer, seier Tessem.

Tor Tessem, butikksjef på platebutikken Apollon i Bergen

Dagleg leiar Tor Tessem i platebutikken Apollon i Bergen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Store forskjellar

Han forklarer at platebutikkane i dag nyttar seg av forskjellige system for å registrere salstal, og at det truleg må inn ei ny løysing som alle brukar for å rapportere vinylsalet på ein sikker måte.

– Men ei liste trur eg vil kome før eller seinare, men kanskje ikkje frå IFPI. Kanskje er det ei av avisene som finn ut at dette er noko dei vil gjere noko med og lagar eit liste basert på salet til eit visst antal butikkar

Måndag var dei første listene klare i Storbritannia. Dei syner stor forskjell mellom kva artistar som blir strauma mest og kva artistar som blir plukka opp på vinylformatet.