Hopp til innhold

Ingen personar i huset som brenn

Det skal ikkje vere folk i huset på Furuflaten der det brenn. – Ein person var i huset då brannen vart oppdaga, men vedkommande har gått ut. Det kjem mykje svart røyk frå eit rom i huset, men førebels er det ikkje sett opne flammar. Det ligg ein garasje i nærleiken, men er ikkje fare for at brannen skal spreie seg til andre hus, seier vaktkommandør Håkon Myking ved 110-sentralen.