Hopp til innhold

Ingen kontakt mellom partane

Rundt tusen barn er ramma av Akasia-streiken i Bergen, og framleis er det ingen kontakt mellom partane. Det skriv BT. Frå 18. mai er det planlagd ei ny opptrapping av streiken: Då vil totalt 237 barnehagetilsette og 43 som jobbar i andre avdelingar i Akasia-konsernet vere i streik. Det har ikkje vore kontakt mellom partane sidan meklinga vart avslutta utan resultat natt til 5. mai.