Hopp til innhold

Ingen Kina-boom på vidaregåande skular

Talet på elevar som tar kinesisk går ned fleire plassar, og no legg skular ned kinesisk som valfag. – Ungdom må læra kinesisk allereie på barneskulen, meiner skulesjef.

Hugo Furnes

KINESISK PÅ SJETTE ÅRET: Hugo Furnes byrja læra kinesisk alt i 8. klasse. Dei siste vekene har eleven ved Amalie Skram vidaregåande skule teke mot gjester frå den kinesiske prestisjeskulen Bayi.

Foto: Privat

459 elevar lærte kinesisk i norsk vidaregåande skule i fjor. Det er ein oppgang på i overkant av tjue prosent sidan 2014.

Men i løpet av det siste året har talet stagnert eller gått ned dei fleste plassar i landet.

Berre ein solid vekst i Oslo gjer at talet på vidaregåande-elevar som vel kinesisk ikkje går ned.

Kinesisk som valfag vart spådd å vera vår største fordel i møte med handel- og næringsverksemd for stormakta i Asia.

Sandsli vidaregåande skule i Bergen legg ned kinesiskundervisinga til hausten fordi berre fem elevar vil ta faget.

Kinesiske studenter på Gamlehaugen i Bergen

MADE IN CHINA: 18 representantar frå den kinesiske prestisjeskulen Bayi har vore på noregsbesøk dei siste vekene. Her på Gamlehaugen i Bergen.

Foto: Privat

Søkartala har gått ned og det er ikkje lenger økonomisk forsvarleg. Tidlegare har også Bjørgvin vidaregåande lagt ned språkfaget.

– Det er heller ikkje gode faglege miljø i så små grupper, seier rektor Rune Dolvik.

Berre ein skule igjen i Bergen

– Eg heiter Hugo, bokstaverer Hugo Furnes for sine kinesiske gjester på Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen.

Dei siste to vekene har ein delegasjon frå den kinesiske prestisjeskulen Bayi vore på noregsbesøk.

– Viss du skal overleva i Kina må du kunna kinesisk, nesten uansett kor du reiser, fortel Furnes, som besøkte Beijing i fjor.

Amalie Skram vidaregåande blir snart den einaste skulen i Bergen som tilbyr kinesisk. I Hordaland tilbyr også Osterøy vidaregåande faget.

Laster innhold, vennligst vent..

Meiner kinesisk bør inn i barneskulen

Når skular i fleire fylke må leggja ned studietilboda på grunn av svake søkjartal, er ein nøydd å ta grep tidlegare, meiner undervisingsdirektør i Hordaland, Svein Heggheim. Kanskje allereie frå barneskulen.

– Ein kan ikkje klaga på at ungdom på ungdomstrinnet ikkje vil leggja ned meir arbeid i å læra språk. Eg trur ein bør byrja veldig tidleg.

Hugo Furnes byrja læra kinesisk alt i 8. klasse. I dag studerer han kinesisk i 3. klasse.

– Eg trur det er smart med tanke på framtidig jobbar og at Kina snart er verdas økonomiske stormakt.

Næringslivet håpar trenden snur

Forbindingane mellom Noreg og Kina blei i fjor formelt normalisert etter seks år på frysepunktet.

I 2016 eksporterte Noreg varer til Kina for 23 milliardar kroner. Det var langt bak den eksportveksten andre europeiske land har hatt.

Utviklinga uroar næringslivet.

Marit Warncke i Bergen Næringsråd

VIL HA FLEIRE: Administrerande direktør Marit Warncke i Bergen næringsråd håpar elevar ser verdien av kinesisk språk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kina er verdas største økonomi og dei blir stadig viktigare og viktigare i den internasjonale handelen, fortel administrerande direktør i Bergen næringsråd, Marit Warncke.

– Me har bruk for at folk kjenner til kinesisk språk og kultur. No når det politiske forholdet har normalisert seg, opnar det seg opp fantastiske moglegheiter for alle deler av vårt næringsliv.