Ingen kan forklara kvifor Terje må betala tre gonger meir for båtbilletten

I Austevoll kostar snøggbåt-billetten mykje meir enn tilsvarande ruter elles i Hordaland. Ingen kan forklara kvifor. – Prisane har vore sånn lenge, seier kollektivselskapet Skyss.

Delprosjektleder Terje Van der Meere er spent på resultatene av forskningsprosjektet.

FRUSTRERT: Austevolling Terje van der Meeren meiner prisane burde blitt jamna ut for lenge sidan.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Austevoll ligg ein dryg time unna Bergen med kollektivtransport, og mange pendlar mellom dei to kommunane.

Tidlegare har BA omtalt at kollektivpendlarar frå Austevoll må betale over fire tusen i månaden for å kunne pendle effektivt.

No reagerer austevollingane på prisnivået for snøggbåten, som er meir enn tre gonger høgare enn andre stader i fylket.

Aller størst forskjell er det i forhold til snøggbåtruta frå Knarvik til Bergen. Turen er eitt minutt kortare, men kostar berre 54 kroner, mot 214 kroner for turen mellom Austevoll og Flesland.

– Det trengst handling no, seier austevolling Terje van der Meeren.

Hurtigbåten Fjordbris

DYR BÅTRUTA: Skal du ta hurtigbåten Fjordbris mellom Sunnhordland og Bergen må du betala mykje meir enn på tilsvarande strekningar andre stader i fylket.

Foto: Helge Sunde / Scanpix

Sjøen er pendlarveg

Terje van der Meren er ein av dei som byrjar å bli lei. Han brukar snøggbåten ofte, til reiser og for å kome seg på jobbmøte i Bergen.

Austevoll er ein av to kommunar i Hordaland som ikkje har fastlandsforbindelse. Det bør telje av omsyn til næringslivet her, meiner van der Meeren

Han har vore i kontakt med Skyss om prisane fleire gonger. Det siste svaret var at austevollingane må vente til nye Vestland fylke er etablert.

– Eg meiner det trengst handling med ein gong. Vi har betalt denne høge prisen i mange år, og vi har meir eller mindre subsidiert stoppa på resten av ruta, seier van der Meeren, som har tatt båten sidan 80-talet.

Historiske årsaker

Direktør for Hordaland fylkeskommune sitt kollektivselskap Skyss, Målfrid Vik Sønstabø, forklarer prisforskjellane med historiske årsaker.

– Dei har vore sånn lenge. Siste prisane blei justerte var for ganske mange år sidan. Om du samanliknar strekning for strekning, er det difor enkelte forskjellar mellom pris og reiselengde.

Forskjellane har både dei og administrasjonen i fylkeskommunen vore klar over lenge.

Allereie for eit år sidan la fylkesrådmannen fram ei sak om ny prisstruktur i Hordaland. Då ville politikarane vente med å gjere endringar til det nye Vestland var etablert, for å sjå prisane i heile fylket i samanheng.

Men det betyr ikkje at prisendringane vil vere klare til over nyttår.

– Det må vi kome tilbake til, seier Sønstabø, som stadfestar at Skyss ikkje jobbar med konkrete endringar no.

Målfrid Vik Sønstabø

PRISAR: Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø har inga logisk forklaring på prisskilnadane, anna enn at det er «historiske årsaker» til at prisane er som dei er.

Foto: PRESSEBILDE / SKYSS

Vil vente med å endre takstane

Men sjølv om reisande frå Austevoll har klaga lenge, vil Vestland fylkeskommune venta endå eitt år.

I finansutvalet presenterte kommande fylkesrådmann Rune Haugsdal onsdag sitt budsjettforslag for neste år. Der sa han at takstane for båt- og ferjeruter i det nye storfylket skal revurderast om eitt år.

– Fylket vil hausten 2020 sette i gong eit prosjekt som vil arbeide*for ei harmonisering av takstsystem og takstgrunnlag for Vestland fylke, sa Haugsdal.

Det svaret er van der Meeren ikkje nøgd med. Han meiner ein kunne jamna ut prisane noko nå, sjølv om ein skal gå gjennom heile takstsystemet neste år.

– Vi synest det er altfor lenge å vente når prisforskjellen er så stor, seier han.

Snøggbåtprisar, frå dyrast til billegast

Rute

Reisetid (minutt)

Distanse (km)

Pris (kr)

Pris pr. km

Hufthamar-Flesland

23 min.

19.6

214,-

10.9

Sunde - Leirvik

21 min.

14.1

93,-

6.61

Leirvik - Rubbestadneset

24 min.

20.9

132,-

6.31

Skånevik - Sunde

20 min.

18

109,-

6.07

Flesland-Bergen

25 min.

19.4

109,-

5.61

Hufthamar - Bergen

48 min.

39.1

214,-

5.48

Bergen - Knarvik, via Frekkhaug

22 min.

18.1

54,-

2.98

Kjelde: Skyss.no