Dystre elevtal uroar: – Vi må snakke fram industrien vår

STORD (NRK): På fem år er talet på industriteknologi-elevar redusert med nær 40 prosent. Det gjer at norsk industri slit med å få tak i lærlingar.

Sveising ved Stord vidaregåande skule

MANKO: Det trengst mange fleire sveisarar i åra som kjem.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Sidan 2014 har talet på elevar som tek studieretninga industriteknologi gått ned med over 38 prosent, syner tal frå Utdanningsdirektoratet.

På Stord vidaregåande skule er dei no så få i klassen at dei har måtta slå saman to studieretningar dette skuleåret.

For dei som er på jakt etter ein jobb det no er lite konkurranse om, er det eigentleg godt nytt.

– Eg ser lyst på framtida. Eg skal bli sveisar, og dei er det stor mangel på, seier Sindre Hyttebakk.

Snudd på hovudet

Hyttebakk er ein av berre ni elevar på andreåret på industriteknologi på Stord.

Aldri før har kullet vore mindre.

Hermod Kirkeli har vore yrkesfagleg koordinator ved skulen sidan 2017. Før var det vanskeleg for elevane å få lærlingplass. No er situasjonen ein annan.

– Det er meir enn nok av lærlingplassar å velje i for dei ni elevane våre. Vi kunne sikkert klart å finne plass til dobbelt så mange lærlingar.

Leif Erik Vae, Kaisa Dørum Grønbekk og Sindre Hyttebakk

GODE UTSIKTER TIL ARBEID: Leif Erik Vae, Kaisa Dørum Grønbekk og Sindre Hyttebakk er elevar på Stord vidaregåande skule.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Går nye vegar

Men låge elevtal er mindre hyggeleg lesing for dei som treng arbeidskrafta. Industriverksemda Kværner Stord har 3000 tilsette. Av dei er 31 lærlingar.

Kværner seier dei kunne henta inn fleire lærlingar. Klubbleiar Amram Hadida meiner rekrutteringa må starta tidlegare.

– Kan hende må vi gå inn i skulen alt i åttande klasse. Vi må rett og slett snakke fram industrien vår.

Nina Hagerup Johannessen er dagleg leiar for Ytre Sunnhordland opplæringskontor. Ho seier verksemdene på Stord og i kommunane rundt er avhengige av lokal rekruttering.

– Alle verksemdene ynskjer seg stabile rammer med lokale folk. Får ein ikkje tak i desse, må ein i staden ha meir innleigd arbeidskraft.

KVÆRNER STORD

INDUSTRIKOMMUNE: Kværner på Stord sysselset 3000 arbeidarar.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Lysare framtid

Ifølgje bransjeorganisasjonen Norsk Industri er det mangel på lærlingar over heile landet.

I år sende dei difor youtubar Elias «Kime «Raadlund til Stord for å lokka ungdomar til industrien:

KIME TESTAR TIP: Sjå YouTube-videoen som Elias «Kime» Raadlund spelte inn på Stord.

På Stord ser det likevel noko lysare ut med elevtala. På førsteåret er det no tre klassar på den vidaregåande skule.

Yrkesfagleg koordinator Hermod Kirkeli trur det er fleire grunnar til at unge over tid har vegra seg mot jobbar i industrien.

– Yrkesfag har nok i mange år vorte litt snakka ned. Kanskje har det noko å gjere med oljekrisa vi var igjennom. Den førte kan hende til at folk lurte på om dette var det riktige valet.

Hermod Kirkeli

HAR EIN ENKEL JOBB: Hermod Kirkeli ved Stord vidaregåande skule kunne funne lærlingplassar til langt fleire enn han gjer i dag.

Foto: Eli Bjelland / NRK