Hopp til innhold

Niåring spelar golfmatch mot 17-åringar

Golftrenaren meiner Bård Skogen kan nå så langt han sjølv ønskjer.

Bård Skogen

Bård Skogen er på banen til Sveio Golfpark så ofte han kan.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Bård Skogen er berre ni år gammal, men han er allereie ein aktiv golfspelar. To dagar i veka køyrer han og faren ein time, frå Etne til Sveio, slik at niåringen kan få trena ved Sveio Golfpark.

– Lei er noko ein aldri blir av golf i alle fall, forklarer Bård Skogen

– Kva er så gøy med golfing?

– Det er berre gøy eigentleg.

Slår faren i sporten

Han har eit stort konkurranseinstinkt, og noko av det han liker aller best er å slå pappa Arve Skogen.

– Det er litt meir enn å slå nokon andre. Eg greier av og til å slå han, men ikkje alltid, seier Bård.

– Det som regel han som slår meg. Når eg slår må me ofte ut i skog og mark og leita etter ballane, medan han som regel held seg midt på banen, fortel Arve Skogen.

– Korleis kjennest det å bli slått av sonen din på ni år?

– Eg er blitt fortalt at eg må berre bli vant til det framover.

Høyr radiointervju med Bård Skogen:

Spelar lite mot andre niåringar

Interessa for golf starta tidleg. Første gong han prøvde golf var med eit leikesett i plastikk. Og interessa har berre vakse.

– Til å vera ni år er han på eit litt anna nivå enn andre niåringar. Viss han skal ha match må han kanskje spela mot 15,16, 17-åringar. Eg, som nærmar meg 30, har problem med å ta han, forklarer Arve Skogen.

Trenar Halvor Eilerås er også imponert.

– Det er ingen andre på hans alder som er så mykje på golfbanen. Me ser Bård kvar dag dei har tid. Når dei er her i helger og feriar så er han anten på treningsfeltet eller ute på banen, seier Eilerås.

Treng ikkje ferie frå golfen

Bård Skogen
Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Han har starta tidleg og har foreldre som støttar opp om, så han kan nå så langt som han berre vil sjølv, meiner Halvor Eilerås.

Sommaren går også med til golf, og for ni år gamle Bård Skogen freistar det ikkje å ta ferie frå golfen.

– Ikkje så veldig. Det er jo sommarferie.