NRK Meny
Normal

Fryktar studentar takkar ja til brannfeller

Brannvesenet vert kontakta av foreldre som er uroa for branntryggleiken i bustaden til barna sine. – Me fryktar studentar takkar ja til bustadar som ikkje er brannsikre, på grunna av den pressa bustadmarknaden, seier leiar i Velferdstinget.

– Dei fyrste telefonane kjem til oss etter at foreldre har vore på besøk i bustadane til fyrstegongsstudentane sine og sett ting som uroar dei.

Trine Sivertsen Sommerlade, Bergen brannvesen

Like før studiestart manglar det nærmare 15.000 studentbustadar i Noreg. Bustadmangelen er størst i dei store byane, og mange må over på den private bustadmarknaden.

Velferdstinget i Bergen er uroa for at studentane takkar ja til hyblar og leilegheiter som er langt frå brannsikre.

– Me fryktar at studentar må ta til takke med brannfeller i Bergen. Det finst gode og dårlege bustadar på den private leigemarknaden, og mange av dei dårlege er veldig dårlege, seier leiar i Velferdstinget, Tor Sivertsen Prestegard.

– I mange leilegheiter har me sett at det manglar sløkkeapparat og rømmingsvegar, leidningar henger laust og så vidare. Det er mykje forskjellig der ute, seier Prestegard, som åtvarar studentane mot å ta til takke med kva som helst, sjølv om bustadmarknaden er pressa.

LES OGSÅ: Åtvarar desperate studentar - Hordaland

Dei fyrste telefonane kjem frå foreldra

Trine Sivertsen Sommerlade

– IKKJE TA TIL TAKKE MED DÅRLEG BRANNTRYGGLEIK: – Me forstår jo at folk er glade for å få ein bustad, men det er viktig å ta tryggleiken på alvor, seier Trine Sivertsen Sommerlade i Bergen Brannvesen.

Foto: Morten Wanvik

Brannvesenet i Bergen merkar også at ein del studentar prioriterer å finne ein stad å bu, framfor å sikre seg om at hybelen eller leilegheita dei leiger er brannsikra.

– Me veit mange tek til takke med bustadar der branntryggleiken ikkje er god nok. Dei fyrste telefonane kjem ofte til oss etter at foreldre har vore på besøk i bustadane til fyrstegongsstudentane sine og sett ting som uroar dei, seier Trine Sommerlade i Bergen brannvesen.

– Me forstår jo at folk er glade for å få ein bustad, men det er viktig å ta tryggleiken på alvor.

Brannvesenet sin seksjon for Boligbrannsikkerheit held tilsyn med branntryggleiken i private bustadar. Ser dei noko som ikkje er som det skal vere, får utleigar beskjed om å gjere endringar.

– Det me typisk ser ute på tilsyn er at det manglar batteri i røykvarslarane, og at det er rot i rømmingsvegane. Mange brukar rømmingsvegane som lagringsplass, og tenkjer ikkje over at dei er heilt avhengige av denne dersom noko skjer, seier Sommerlade.

LES OGSÅ: Tusenvis i studentboligkø - NRK – Østlandssendingen

(Artikkelen held fram under biletet)

blokkert rømningsveg

RØMMINGSVEG: Huseigar har ansvar for å sikre at det finst ein rømmingsveg i hyblane/leilegheitene, og at han/ho ikkje blokkerer den med eigne ting, men leigetakarar har ansvar for å vedlikehalde desse.

Foto: Bergen brannvesen

Både utleigar og leigetakar er ansvarlege

– I eit sånt bustadmarknad som me har no, er folk førnøgde berre dei får noko.

Tor Sivertsen Prestegard, leiar av Velferdstinget i BErgen

For studentar og andre på som skal leige bustad på den private bustadmarknaden er det viktig å sjekke at leilegheita eller hybelen er trygg før ein flyttar inn, seier Sommerlade.

– Røykvarslar, sløkkeutstyr og rømmingsvegar må vere på plass. Ver vakne på visning og sjå at det er gode rømmingsvegar ut. Ligg leilegheita i ein ominnreia kjellar eller på eit loft med skråtak er dette veldig viktig å passe på.

– Korleis står det til med branntryggleiken i leigebustadane i Bergen?

– Eg vil ikkje seie det står ille til, men det finst eit forbetringspotensial. Studentane vil gjerne bu sentralt i sentrum og då tek dei gjerne til takke med bustadar der branntryggleiken ikkje er godt nok varetatt.

Sjølv om det er utleigar som er ansvarleg for at det finst brannsløkkingsutstyr, brannvarslarar og rømmingsvegar i leilegheiter, er det leigetakaren som er ansvarleg for å vedlikehalde desse, seier Sommerlade.

– Bu heller på sovesal

Tor Sivertsen Prestegard

– BU HELLER PÅ SOVESAL EI VEKE: Me frårådar på det sterkaste at studentar bur eit år eller meir i bustadar der dei lever i fare, seier Tor Sivertsen Prestegard i Velferdstinget i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland

Tor Sivertsen Prestegard i Velferdstinget i Bergen seier dei forstår at behovet for å finne seg ein bustad kan bli så stort at studentar vel ei leilegheit som ikkje er trygg.

– Eg har full forståing for at folk ønsker å komme seg i hus. I eit sånt bustadmarknad som me har no, er folk førnøgde berre dei får noko.

Han meiner likevel ein må setje eigen tryggleik fyrst og ikkje takke ja til bustadar som ikkje er godt nok sikra.

– Ein må ikkje takke ja til eit butilhøve dersom ein ikkje føler seg trygg. Still mykje spørsmål, og still husverten til veggs på branntryggleiken.

– Finn ein ingenting anna enn ein bustad ein ikkje kjenner seg trygg i, søk bustad hos SIB og bu heller ei lita veke på sovesal medan du leitar. Me frårådar på det sterkaste at studentar bur eit år eller meir i bustadar der dei lever i fare, seier Prestegard.

LES OGSÅ: Studenter stryker i brannsikkerhet - NRK – Trøndelag

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.