I går blei det kjent at HSD kan koma til å leggja ned Flaggruten mellom Bergen og Stavanger alt frå 1. mai, på grunn av passasjersvikt og dundrande underskot.
Utan statstilskot
Flaggruten driv i dag utan statlege tilskot, og truleg er det berre statleg støtte som kan berga hurtigbåtruta. Flaggruten kan i alle fall ikkje rekna med at fylkeskommunen set i gang ein økonomisk redningsoperasjon, seier Rune Skjælaaen frå Senterpartiet.
Flaggruten viktig
Arbeidarpartiet sin talsmann for samferdslesaker i Fylkestinget, Arne Jacobsen, meiner heile trafikkmønsteret i Sunnhordland må vurderast på nytt etter at Trekantsambandet opnar 30. april. Jacobsen trur Flaggruten vil vere viktig også etter opninga.