– Det mest positive er at Nygårdsparken ikkje lenger er ei open scene, og at det ikkje har etablert seg ei ny.
Det fortalde Renate Trellevik, avdelingsleiar for oppsøkande avdeling i Utekontakten, i dag. Dei har jobba med ei kartlegging av rusmiljøet i Bergen før og etter stenginga av det som har blitt rekna som den største opne russcena i Nord-Europa.
Dette bør du vite om Nygårdsparken.
- LES OGSÅ:
Mistar kontrollen
– Det er framleis ei russcene i Vågsbunnen, men her er det mykje mindre synleg enn det var i parken, seier Trellevik.
Kartlegginga viser at sjølv om det er fleire og yngre personar som held seg i Vågsbunnen no enn før, har ikkje alle flytta seg tid.
Utekontakten seier meir går føre seg i det skjulte, men at det har sin pris.
– Vi mistar kontrollen med det som skjer. Det er vanskelegare å vite kven som er i miljøet, kva dei brukar og kor stoffet kjem frå.
Ho beskriv Nygårdsparken, slik den var før stenging, som ein marknadsplass der folk ropte ut kva dei selde.
– No er det vanskelegare å skilje kven som sel og kven som brukar, seier ho
Her kan du lese heile historia om Nygårdsparken.
Formidabel nedgang i kriminaliteten
Olav Valland, stasjonssjef på Bergen sentrum politistasjon, er nøgd med det dei ser. Han fortel at stenginga av Nygårdsparken også gjev utslag på tala over kriminalitet.
– Kriminaliteten er redusert med 20 prosent i Bergen sentrum. Og det er nesten 22 prosent færre brotsverk no enn før stenginga, i følge politiet.
Valland fortel at det no er det nesten ingen kriminalitet i områda rundt parken, samstundes har det ikkje dukka opp meir kriminalitet andre stader.
– Dette er ein formidabel nedgang, seier politistasjonssjefen.
Over 50 utanlandske personar er arrestert for sal av narkotika sidan stenginga. Dermed er dei fleste i miljøet no norske borgarar.
Verne dei unge
Men etter at parken stengde bevegar dei etablerte rusmisbrukarane seg andre stader i sentrum.
No er det til dømes fleire som held seg på Torgallmenningen. Dette gjer at politiet og utekontakten fryktar for dei unge.
– Vi at unge i sårbare situasjonar oppheld seg på Torgalmenningen. Dermed er det fleire unge som potensielt kan bli trekt inn i miljøet, seier Renate Trellevik.
På grunn av dette har Utekontakten no fleire som arbeider der.
Sosialbyråd Silje Hjemdal (Frp) kallar rapporten eit viktig arbeidsvektøy i arbeidet mot rus.
– Det er viktig å høyre på brukarane, seier Hjemdal.
Her kan du lese meir om Bergen kommune sine tiltak mot rus.