Hopp til innhold

Ikkje kapasitet til vind

Nettet kan ikkje ta meir enn halvparten straumen frå dei planlagde vindmøllene i Sunnhordland.

Vindmøller
Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

Transformatorstasjonen på Stord har nemlig berre plass til å betene halvparten av effekten frå vindmøllene.

Dei seks vindmølleparkane som ønskjer konsesjon i Austevoll, Fitjar og Bømlo må kjempa for å få plass til straumen sin.

Det er Noregs Vassdrags- og Energidirektorat som bestemmer kven som blir førstemann til mølla.

116 vindmøller

Svære rotorblad driv vindturbinar som igjen lagar straum. Men så må straumen ut i verda for å bli til pengar.

I Sunnhordland og Austevoll kjempar seks vindmølleprosjekt med til saman 116 vindmøller om plass til å senda krafta ut gjennom Stord transformatorstasjon.

Det er berre plass til halvparten av effekten frå møllene.

Og Midtfjellet vinkraft på Fitjar er store nok til å sluka all kapasiteten heilt åleine.

Millionrekning

Å utvikla kapasiteten på Stord vil kosta ein plass mellom 60-80 millionar kroner, og denne rekninga vil ingen ha, fortel seksjonssjef Arne Olsen i NVE.

- Alle har lagd til grunn at dei kan utnytte kapasiteten som er på Stord så dette blir ein utfordring for oss. De som eventuelt kommer inn når det er utnytta må investere i utvida trafokapasitet, seier Olsen.

NVE jobbar akkurat no med å finna ut kven av dei seks vindmølleparkane som skal få gleda av den kapasiteten som no er ledig på Stord.

Vindmølleutbyggjarane har snakka saman, men ingen vil betala millionrekninga for utviding av kapasiteten på Stord.

Første til mølla

Dei har derimot skissert ei løysing med ein ny 300 volts kraftleidning frå Midtfjellet på Fitjar og rett inn i sentralnettet. Det ville gje alle nok kapasitet.

Men Stord kommune vil ikkje godta ei slik løysing, og direktør Ole Vidar Lunde for Midtfjellet vindpark meiner det er eit tapt slag.

No er det altså første mann til mølla, og Lunde seier Midtfjellet er klare til å ta i bruk all kapasiteten på Stord - heilt åleine.