Hopp til innhold

Bergen får ikkje fleire kommunale barnehagar

– Eg synest det stinkar av heile prosessen, seier Linda Lossius Iversen. I går vedtok bystyret at barnehagen ho har bornet sitt i, ikkje skal byggjast opp att.

Foreldre og tilsette ved Trollskogen barnehage

FORBANNA: Pedagogisk leiar Grete Haveland (t.v.) og FAU-leiar Eli Myrmel Haukås trudde for få månadar sidan at dei skulle få ein heilt ny barnehage. Men i går blei barnehagen vedtatt lagt ned.

Foto: Leif Rune Løland

Trollskogen barnehage brenner ned

BRANT NED: Den gamle Trollskogen barnehage vart brent ned i haust.

Foto: Bergen kommune

Medan tilsette og barn stod og såg på, vart den gamle Trollskogen barnehage brent ned i haust. Då trudde alle at ein ny barnehage venta om få år, slik bystyret i Bergen hadde vedtatt.

Slik blei det ikkje. I går gjekk bystyret vekk frå løftet om å bygga opp igjen Trollskogen barnehage i Åsane.

Linda Lossius Iversen og resten av foreldra til barna i barnehagen hadde ikkje gitt opp før bystyremøtet.

– Hvis eg hadde trudd at dette var bestemt, og ikkje gjekk an å endre, så hadde eg ikkje stått her i dag, seier Iversen.

Try nye, men tre forsvinn

Argumentet til byrådet er at prislappen for ein ny Trollskogen barnehage for 48 born har komme opp i 50 millionar kroner, og at det finst ledig plass i store private barnehagar i Åsane.

Vi er klare over at vi går tilbake på det tidlegare vedtaket. Og det er ikkje med lett hjarta.

Marita Moltu (KrF)

Vedtaket betyr at satsinga på kommunale barnehagar i Bergen går opp i null. I løpet av 2014 vert tre nye barnehagar bygd, men like mange vert avvikla.

Marita Moltu og KrF sikra saman med Frp og Høgre fleirtal for vedtaket i bystyret.

– Vi er klare over at vi går tilbake på det tidlegare vedtaket. Og det er ikkje med lett hjarta, seier Moltu.

Bergen på botnen - innrømmer løftebrot

Barnehagebyråd Harald Victor Hove (H) har tidlegare innrømma at å seie nei til nyoppbygging av barnehagen i Åsane er eit løftebrot.

Tidlegare har NRK fortald at Bergen er jumbo blant storbyane når det gjeld kommunale barnehagar. Hove forsvarar at barnehagar må stenga for at nye skal byggast i bydelar med større behov.

– Kommunekassa flyt jo ikkje over av pengar. Og i så måte så vil det alltid vere riktig å prioritere ressursane der dei trengs mest, seier Hove.

Han viser til barnehagedekninga i bydelane Årstad og Bergenhus er ned mot 74 prosent.

Sofie Marhaug

KRITISK: Sofie Marhaug (Raudt) meiner byrådet må satse meir på kommunale barnehagar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– I Åsane er dekningsgraden så god at alle får tilbod om plass i sin eigen bydel.

– Det stinkar av prosessen

Heile opposisjonen røysta imot nedlegginga av Trollskogen barnehage.

Sofie Marhaug (Raudt) greier ikkje å sjå nokon satsing i andre bydelar som forsvarar nedlegginga.

– Åsane er ein bydel med folkevekst, og no misser dei det einaste kommunale tilbodet dei har i det området. Det held ikkje å seie at ein legg ned her for å byggja andre stader. Vi ser ikkje nokon storstilt kommunal utbygging i Årstad heller, seier Marhaug.

Men protestane fra opposisjonspolitikarane og foreldra som hadde møtt opp ved rådhuset, var altså til inga nytte.

– Det verkar ikkje som at bystyrevedtaka ikkje har nokon tyngde. Eg synest det stinkar av heile prosessen, seier Linda Lossius Iversen.