Hopp til innhold

Ighalo seier nei til Brann

Odion Ighalo skåra eit praktmål då han avslutta Lyn-karrieren. Men Brann-spelar vert han ikkje.

Odion Jude Ighalo scoret begge målene og ble den store Lyn-helten i kampen mot Vålerenga.
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Fredag aksepterte Lyn eit bod frå Brann på den nigerianske spissen Odion Ighalo.

Planen var at han skulle reisa til Bergen for medisinsk test og kontraktsforhandlingar på måndag.

Men etter kampen mot Bodø/Glimt sundag vart det brått usikkert om Ighalo skulle reise til Bergen.

- Eg veit ikkje om eg reiser til Bergen, eg må snakka med agenten min før eg veit det, seier Ighalo til NRK sundag kveld.

SISTE: Ifølgje tv2sporten.no har Ighalo no takka nei til å verte Brann-spelar. Det skal vere klart etter eit møte natt til mandag mellom sportsleg leiar i Brann, Roald Bruun-Hanssen, og Ighalo sin agent Atta Aneke.

Full forvirring

I følgje TV2 skal den italienske klubben Udinese ha lagt inn eit bod på spissen. Og Ighalo utelukkar ikkje at han i morgon set seg på flyet til Italia i staden for Flesland og Bergen.

- Kanskje reiser me til Italia, kanskje til Bergen, seier Ighalo til TV2.

Samstundes seier Ighalo dette til NRK:

- Men er du ikkje svært nær ein avtale til Brann?

- Eg vert glad om forhandlingane med Brann løyser seg, Brann er ein god klubb som skal spela mesterliga, det er eit steg framover for meg, men eg er ikkje sikker på kva som skjer og må snakka med agenten min, seier Ighalo.

- Har avtale med Ighalo

Sportsleg leiar i Brann Roald Bruun-Hanssen skriv derimot i ei tekstmelding til TV2 at klubben har ein avtale med Ighalo:

"Vi forholder oss til den vanntette avtalen med Lyn og den vanntette avtalen med Ighalo og hans agent. Vi skal møte Ighalo i morgen - og forventer at han blir Brann-spiller."

Mandag morgon meldar klubben på sine heimesider at Lyn-spelaren ikkje kjem til Bergen som avtalt. Brann hevdar å ha ein munnleg avtale med Ighalo, og vurderar no kva klubben skal gjere vidare i saken.

Det har til no ikkje lukkast NRK å komma i kontakt med Ighalo sin agent Atta Aneke.

Ferdig i Lyn

Uansett kva klubb som sikrar seg underskrifta til Ighalo, tapet mot Bodø/Glimt var den kampen siste for 19-åringen i Lyn-drakta.

- Det var nok min siste kamp for Lyn, seier Ighalo til NRK.