Sjå bilder frå turen her!
Defrå må du ha båtskyss over fjorden der turen eigentleg startar. Du kan gå på brukande grusveg med eindel stigning , men det er lett og fint å gå. Bortsett frå øyane i fylket så er kanskje Eikemo den mest isolerte plassen i Hordaland. Dei 7 fastbuande har ingen skysstilbud til eller frå.Skuleskyss,post o.s.v ordnar dei sjølve.
Deler av turen til stølen kan du gå på gamle stiar, og vil du kan du og få bilskyss heilt til fjells og berre nyta stølsivet for ein dag. Omlag 200 geiter held til på Eikemostølen og desse blir mjølka av to heilt unge jenter frå Oslo og Stavanger.
For å bestilla skyss over fjorden ringer du til Nils Kjetil Eikemo telefon 53 75 42 24 eller Geir Arne Eikemo tlf 53 75 42 23.
Turen passar både for barn,vaksne og eldre og treng du det kan du altså få bilskyss til fjells.