Her sikrar Ida (22) reint drikkevatn til bergensarane

SVARTEDIKET (NRK): Giardia-utbrotet gjorde fleire tusen bergensarar sjuke. No gjetar kommunen sauer i byfjella kvar sommar, for å hindre forureining av drikkevatnet.

Ida Haveraaen sauegjeting i Bergen

SØRGER FOR REINT VATN: Ida Haveraaen (22) jagar sauene ut av nedfallsområdet til drikkevatnet og lenger til fjells.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

– Hadde det vore sauer her, så hadde vi vel høyrd dei, seier Ida Haveraaen.

Ho har sin tredje arbeidsdag som sauegjetar på byfjella i Bergen. 22-åringen står langt inne i ein tett skog ved Svartediket og lyttar. Førebels er det ingen sauer å verken sjå eller høyre.

Området er kanskje mest kjent som åstad for gåta om Isdalskvinnen. Men mange hugsar også Svartediket for giardia-utbrotet i 2004.

Fleire tusen bergensarar vart sjuke av drikkevatnet som ligg plassert mellom Ulriken og Fløyfjellet. Ein ekstern granskingsrapport konkluderte med at lekkasje frå eit avløpsanlegg truleg var årsaka.

Sauegjetere i Bergen

GJETER I TIMEVIS: Sauene må ut av nedbørsområda. Ein runde for sauegjetaren kan ta opp til fleire timar.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Skal hindre sjukdomsutbrot

Men rapporten anslo òg at det før utbrotet blei avlagt om lag 70 tonn avføring frå sau i området på ein beitesesong, samt mellom to og åtte tonn hundeavføring.

Frå då av har gjetarar våka byfjella sommarstid, skriv Fanaposten. I år er det altså Ida Haveraaen sin tur.

– At eg kan forhindre at vatnet blir forureina er ei viktig oppgåve. Dessutan er det heilt herleg å kunne arbeide ute, framfor å sitja inne på eit kontor, seier 22-åringen, som til vanleg spesialiserer seg innan vatn og miljø på NTNU i Trondheim.

I nabokommunen Askøy er det truleg dyreavføring som har forureina drikkevatnet i sommar.

Også i Bergen har eit høgdebasseng blitt smitta med E.coli i sommar. Difor er det viktig at den ferske sauegjetaren finn dyra, og jagar dei ut av nedfallsområdet til drikkevatnet.

Sauer på byfjella i Bergen

70 TONN SAUEAVFØRING: Før kommunen fekk tilsett ein sauegjetar, kom det store mengder saueavføring i områda nær vassanlegget.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

– Fin sommarjobb

Rådgjevar i vassetaten i Bergen, Urd Ingunn Eriksen, seier reinsesystema i vassanlegget er svært gode.

– Men det er ein haldning i Noreg at vi skal halde vasskjelda så rein som mogleg i utgangspunktet. Og derfor gjer vi dette arbeidet.

Denne varme julidagen tek det nokre timar før sauene blir lokalisert. Haveraaen og Eriksen må gå eit godt stykke til fjells før dei kjem på sporet av dyra.

Ved Tarlebø-demningen kan nokre turistar på fjelltur vise bilete og peike dei i riktig retning. Sauene viser seg å vere i nedbørsområdet, og etter trekvarters-arbeid har dei to gjetarane fått sauene lenger til fjells.

Dette må gjerast to til tre gonger i veka om sommaren. Eriksen har sjølv vore gjetar på byfjella og meiner det er både ein viktig og fin sommarjobb.

– Alternativet er jo at vi måtte gjerda inne heile vassområdet på byfjella. Det er jo det ingen som vil.

Ida Haveraaen og Urd Ingunn Eriksen gjeter sauer.

SAUEGJETAR ANNO 2019: Ida Haveraaen (t.v.) og Urd Ingunn Eriksen (t.h) passar på at vassforsyninga til bergensarane er så rein som mogeleg.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK