NRK Meny
Normal

I kveld startar det

I kveld klokka 19.45 kan du «stiga ombord» i Hurtigruten for å vera med på verdas vakraste sjøreise.

Video Hurtigruten - nettpromo norsk

MINUTT FOR MINUTT: Ekte norsk natur med fjell, fjordar og midnattsol, vil danna ramma for sendinga som startar i kveld klokka 19.45 og varer dag og natt fram til onsdag 22.juni.

Lasting og lossing, midnattsol og fjell og fjord. Det er flott og det er norsk, og du er invitert. Best av alt - du treng ikkje ei gong å reisa deg frå sofaen.

Reisa sin eigen nettstad: Hurtigruten minutt for minutt

– Som å vera ombord

I nærast seks døger kan du følga den spektakulære og unike reisa direkte frå godstolen heime.

Formelen er den same som då NRK filma Bergensbanen frå Bergen til Oslo, men togreisa har lite mot kjempen som sig seg gjennom sjøen frå Vestlandet sin hovudstad og heilt opp til Kirkenes.

Innimellom storslått natur viser me gamle arkivklipp, nyt gode måltid, pratar med turistar og fastbuande og lar elles augo kvila på det som vert kalla «Verdens vakreste sjøreise». Undervegs legg me til kai ved 34 hamner.

Les også:
Hurtigrutens konferanserom blir hovedkontroll
«Nordnorge» døgnet rundt i fem døgn

– Me skal gje sjåarane ei kjensle av at dei er ombord. Ei moglegheit til å anten attoppleva turen med Hurtigruten, eller berre få innblikk i ei reise som ein kunne tenkt seg å gjennomføra ei gong i livet, seier programsjef Rune Møklebust frå NRK Hordaland som har ansvaret for heile produksjonen.

Saka fortsetjer under biletet

Klare for tv-stunt på Hurtigruten: NRKs Thomas Hellum t v ogRune Møklebust

Klare for tv-stunt på Hurtigruten: NRKs Thomas Hellum og Rune Myklebust.

Foto: NRK

Unik reiseoppleving

Gjennom reisa vil 22 NRK-medarbeidarar mønstra av og på båten. Desse held kontroll på mangfaldet av kameravinklar som skal gje sjåarane ei oppleving utanom det vanlege.

– Sjølve reista står øverst på prioriteringa, så det er mange kamera ombord. Dei fleste er montert fast i ei eller anna retning, som framover, bakover og ut på sidene. Bortsett i frå lukt og smak, får ein ei sterk kjensle av å vera ombord, seier Møklebust.

Les også: Se smakebiter av hva du har i vente

Gjennom 134 timar med direktesendt fjernsyn skal NRK snakka med gjester og visa arkivmateriale frå film, fjernsyn og radio om både Hurtigruten og kysten sin historie.

– Me har også eit kamera som er senka ned framføre baugen. Det gjer perspektiv som ein definitivt ikkje vanlegvis vil få sjå, seier Møklebust.

– Dessutan fjernstyrer me grafikk og kart på skjermen, GPS-posisjonar, namn på stader ein passerer, og ikkje minst, all mat som vert servert under båten vert lagt ut på NRK sine matsider, legg han til.

I kveld klokka 19.45 på NRK2 startar den over fem døger lange reisa. Sendinga kan også sjåst på nett-tv HER.

NRKs Hurtigruten-HK - med direktetrapp til skipsbroen!

Her er kontrollrommet som NRK har innreia på Hurtigruten.

Foto: Atle Markeng / NRK

Skal du sjå sendinga?

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.