Hopp til innhold

I kveld kan «Lothepus» og Joar vinne Gullruten

For andre år på rad er «Fjorden Cowboys» nominert til Gullruten for beste dokusåpe.

Fjorden Cowboys

«FJORDEN COWBOYS»: Joar Førde og Leif Einar Lothe stiller på dei raude løparane i Bergen i kveld.

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

– Eg kan ikkje drive og kjøpe større båt enn Leif Einar heile tida, då går me konkurs begge, seier Joar Førde.

Dei to kompisane frå Sørfjorden i Hardanger har gjennom to sesongar av serien «Fjorden Cowboys» kniva om å ha den største båten. I det den eine kjøper ny, stikk den andre ut for å kjøpe ein enno større.

Fjorden Cowboys

STØRST? Her er Lothepus framfor båten som er blitt eit vanleg syn for folk i Hardanger.

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

I tredje og kommande sesong tek dei to båtknivinga til nye høgda. Joar skal kjøpe seg fly og har byrja på flysertifikat, medan Leif Einar planlegg båttur til Grønland.

– Plutseleg er me på veg. Folk planlegg i mange år, men det er no berre til å hive med seg til mat og diesel. Så får ein tutle på, seier Leif Einar Lothe, betre kjent som «Lothepus».

Kan vinne Gullruten i kveld

Fjorden Cowboys på Gullruten

GULLRUTEN: I fjor måtte dei gå tomhendte heim frå Gullruten, men i år er nok ein sjanse for hardingane.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

For andre året på rad er dei to nominerte til å vinne Gullruten for beste dokusåpe.

Serien som er produsert av Flimmer Film for TV2 er også nominert til Rocky Awards, som skal delast ut på World Media Festival i Banff i Canada i juni.

Men dei hovudpersonane har eit tilsynelatande avslappa forhold til prisar.

– Eg tykkjer det har tatt litt av. Men det syner jo berre at dei som står bak og filmar dette kan sakene sine. Det er veldig kjekt for dei. Men eg veit ikkje. Eg trur Tangerudbakken har ein god sjanse òg, seier Lothepus.

LES OGSÅ: Desse er nominerte til Gullruten 2015

– Dei masar om enno ein sesong

bilete av Wærness

Regissør Hildegunn Wærness (i midten) vart fascinert over det ho kallar «hardangermentaliteten». I tredje sesong er Wærness med som konsulent.

Foto: Ragnhild Sørheim / Flimmer Film AS

Serien følgjer kvardagslivet til dei to i Sørfjorden i Hardanger. Dei arbeider begge i anleggsbransjen der kvardagen består av gravemaskinar, boreriggar og dynamitt, men også familieliv og fest.

Dei to levd med kamera inn på seg i fire år.

– Det har vorte meir som ein familie. Dei går rundt og virrar med kamera, og det blir ein jo vanen med. Til slutt legg ein ikkje merke til det, seier Lothepus.

– Blir det ein sesong til?

– Dei masar no på og vil ha det då. Sesong tre filmar me no, så den kjem snart. Det er berre å vente å sjå.