Heilt sidan ho var lita har Randi Karin Breivik vore gal etter nissar, og har samla med enorm entusiasme.
– Om eg får dobbelt så mange nissar, får ingen meg til å innrømme at dette er galskap. Eg tykkjer dette her er koseleg, sa Randi Karin Breivik då NRK besøkte ho heime i 2008.
Og når eit hus skal fyllast til taket med nissar, må ein bruke tid. Ein heil månad tek det å få nissane på plass, og ein månad å ta alt ned etter jul.
- Sjå reportasjen frå nissehuset øvst i saka.