NRK Meny
Normal

Sjå lista: Her kan Jarle parkere elbilen gratis

Frå 1. januar er det opp til kommunane å velje om elbilane må betale for parkering. Det skapar hovudbry for elbilistane å vita kva 29 kommunar som gir heilt eller delvis fritak.

Jarle Alvær

AVGIFTSTRØBBEL: Å betale eller ikkje betale? Det er spørsmålet kommunane no må ta stilling til. I mange kommunar er det no dyrare parkering for elbileigarar som Jarle Alvær.

Foto: Leif Rune Løland/NRK

– Eg synst heile greia blir veldig rotete. Dette burde vore avklart på førehand, ikkje nokre dagar før nyttår, seier kommunepolitikar og elbileigar Arnfinn Gjerdåker.

Han bur på Voss, den einaste kommunen i Hordaland der elbilistar no må betale avgift på alle offentlege parkeringsplassar.

Må aktivt frita elbilar

Fram til årsskiftet var alle offentlege parkeringsplassar som er merka med kvit P på blå bakgrunn utan unntak gratis for elbil. Då var forskrifta slik:

«Elektrisk og hydrogendrevet motorvogn kan, på plass der det er innført avgiftsparkering etter § 2, parkeres uten at det betales avgift.»

Gratisparkering for elektriske bilar er ei ordning som har bidrege til at det i dag rullar over 90.000 elbilar på norske vegar. Denne ordninga vedtok Stortinget i fjor vår å fjerne.

Frå 1. januar i år er hovudregelen full parkeringsavgift. Men kommunane kan sjølv velje å behalde gratisparkeringa, heilt eller delvis. Den nye forskrifta er slik:

«Kommuner kan innføre betalingsfritak for elektrisk og hydrogendrevet motorvogn på avgiftsbelagte kommunale parkeringsplasser.»

Heilt gratis 19 stader

Ifølge ei oversikt frå Norsk Elbilforening, har 19 bykommunar valt å fortsetta ordninga med gratis elbilparkering, medan 10 kommunar har vedtatt ulike former for delvis betalingsfritak.

  • Sjekk heile lista her:

Ordførar i Voss, Hans-Erik Ringkjøp, forklarar at kommunen ikkje har behandla denne saka politisk.

– Dei nye forskriftene krev at du aktivt må frita elbilar frå avgift. Dette er ikkje noko me aktivt har valt, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøp.

– Framleis uklart

Kommunikasjonsleiar i Norsk Elbilforening, Petter Haugneland, meiner kvar enkelt bileigar må sjekke korleis ordninga er i sin kommune.

– Viss folk er usikre kan dei gjerne betale parkeringsavgifta for sikkerheits skuld, for å unngå bøtelegging.

Det kan løna seg, for parkeringsbøtene har auka frå 300 kroner i fjor til 600 kroner i år.

– Vegdirektoratet jobbar framleis med retningslinjene for skilting, så dette er litt uklart, opplyser Haugneland.

Petter Haugneland

UVISSE: På grunn av uklarheit om skilting og kor elbilparkering er gratis, tilrår Petter Haugneland i Norsk elbilforening å betale avgift når ein er usikker.

Foto: Aksel Jermstad / elbil.no

Bergen kommune held fram med delvis gratis elbilparkering også i år. Gateparkering er gratis, medan elbilistar i offentlege parkeringshus slepp unna med halv pris.

Krev vurdering

Gjerdåker krev at kommunepolitikarane i Voss vil vurdere å gå tilbake til gratis elbilparkering.

– Framleis er det for lite elbilar, så ein bør ha slike insentiv framleis. Eg synst dei skal utsetje avgifta til neste årsskifte, i alle fall, seier Gjerdåker.

Ringkjøp trur ikkje det er usannsynleg at dette kan bli eit tema i kommunen framover.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.