NRK Meny
Normal

I denne frisørsalongen får berre kundar mellom 90 og 100 år klippa seg

BØMLO (NRK): I 57 år har Astrid (87) hatt frisørsalong i kjellaren heime på Bremnes. Framleis tek ho imot kundar til ein klipp litt utanom det vanlege, berre dei er gamle nok.

Frisør Astrid Østensen

STAMKUNDE: 95 år gamle Lilly ber om krøllar liknande dronning Elizabeth sine, kvar gong ho er innom salongen til Astrid Østensen.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Det trengst å klippast litt, ser eg, seier Astrid Østensen.

I Astrids Frisørsalong har ho teke i mot ein av stamkundane, 95 år gamle Lilly.

– Du har framleis så godt hår, seier Østensen og dreg fingrane gjennom håret til venninna i frisørstolen.

I 57 år har ho teke i mot kundar som Lilly i salongen, som ligg i eit bustadfelt på Bømlo. Likevel er det framleis uaktuelt for 87-åringen å pensjonere seg.

– Det er dei gamle kundane som kjem no. Eg måtte til slutt seie at eg ikkje tek imot andre enn dei som er mellom 90 og 100 år. Viss ikkje vert det for mykje frisering, seier Østensen.

Ein til to i veka

Salongen har oransje, rutete golvbelegg og heilt gule vegger. I kaffikroken står vasskokar og koppar. Ein time i Astrids Frisørsalong er nemleg ofte meir enn berre ein klipp.

– Eg serverer gjerne middag og kaffi, og vi tek oss ei kvilestund. Viss det høver seg køyrer eg gjerne kundane heim også, fortel Østensen.

Astrid Østensen

MOTIVERT: Astrid Østensen (87) har ingen planar om å pensjonera seg. – Eg likar å frisere og å vere saman med folk.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

I løpet av ei veke er det ein til to kundar innom salongen, noko 87-åringen trivst godt med.

– Eg har jo lyst å vere litt fri òg no.

– Gode kunnskapar

– No skal det verte ein dronning Elizabeth-frisyre på deg, seier Østensen.

Ho kjemmer forsiktig håret til 95-åringen i stolen bakover.

Astrids Frisørsalong

VISAR VEG: På garasjeveggen i eit bustadfelt på Bremnes finn ein skiltet til den 57 år gamle frisørsalongen.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Det er kjekt å vere fin på håret, det er alle tiders, seier Lilly medan frisøren snurrar hårrullar inn i det grå håret.

I gangen utanfor salongen heng diplom på rekke og rad. Stockholms Damefrisöracademie har mellom anna gitt Astrid attest «för utomordentligt goda kunnskaper inom yrket.»

Østensen er tydeleg stolt over yrket sitt, og føler sjølv at ho vert yngre og yngre med åra. Difor har den erfarne frisøren ikkje planar om å gi seg med det første – sjølv om ho tek imot færre kundar enn før.

– Eg likar å frisere og å vere saman med folk. Då kosar eg meg, og det er det som held meg oppe, seier Østensen.

Astrid Østensen sin salong på Bømlo

TRADISJON: Heilt sidan salongen vart opna i 1960 har Astrid Østensen teke i mot kundar.

Foto: Privat

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.