Hopp til innhold

I denne bygda har dei hatt sjakkfeber i 36 år

Sandnes Skule i Masfjordnes har 50 elevar, og rundt halvparten av dei set seg velvillig på skulebenken også på kveldstid. Kvar torsdag blir nemleg ein 36 år gamal sjakkfeber dyrka.

Sandnes Skule i Masfjordnes har 50 elevar, og rundt halvparten av dei set seg velvillig på skulebenken også på kveldstid. Kvar torsdag blir nemleg ein 36 år gamal sjakkfeber dyrka.

SJAKKFEBER: På Sandnes skule er halvparten av dei 50 elevane med i sjakk-klubben, og det er ein lang tradisjon. I 36 år har sjakk-klubben fostra fram mange sjakk-talent, og pådrivaren for klubben er Odd Birkestrand.

Kjell Olav Torsvik Bauge

INTERESSANT: Kjell Olav Torsvik Bauge synst sjakk er eit interessant spel.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Dei siste 36 åra har elevar ved Masfjordnes skole hatt sjakkfeber, og det som kanskje liknar ein vanleg mattetime, er tvert i mot noko som går føre seg på kveldstid.

Nesten halvparten av elevane på Sandnes Skule er heilt frivillig på skulen kva torsdag kveld, for dei er med i sjakklubben. Kjell Olav Torsvik Bauge er ein av dei ivrige som har sjakkfeber.

– Eg synst det er eit interessant spel som det er fint å trene hovudet med, seier han.

  • Sjå TV-saka øvst i denne saka, og les meir under biletet.
Entusiastiske sjakkelevar

MANGE HENDER: Ivrige elevar er det mange av når temaet er sjakk. Odd Birkestrand lærer spelet vekk.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

– Karlsen har hatt sin effekt

Roy André Torsvik Bauge

FØREBILETE: At Magnus Karlsen er verdsmeister er ein stor del av årsaka til at Roy André Torsvik Bauge held på med sjakk.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Førebiletet til sjakkentusiast Roy André Torsvik Bauge, er kanskje ikkje så uventa sjakk-kongen Magnus Karlsen.

– Det var bra at Magnus Karlsen vant. Det er difor eg held på med sjakk seier Roy André.

Odd Birkestrand er leiar av sjakk-klubben i Masfjorden, og han merkar forskjell etter sigrane til Karlsen.

– Magnus Karlsen sine bragder som verdsmeister i 2013, og som han gjentok i fjor har nok hatt sin effekt. Rundt omkring i landet merkar ein ganske klart at «Magnus-effekten» har slått inn, seier Birkestrand.

LES OGSÅ: Magnus Carlsen skaper sjakk-feber

Mange noregsmeistrar

Odd Birkestrand

MANGE KVALITETAR: Odd Birkestrand lærer ungar i Masfjorden sjakk, og han meiner sjakk er eit spel som burde vore ein del av opplæringa på skulen.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Sjakk-kongen Magnus Karlsen kan likevel ikkje ta æra åleine for at Masfjorden har eit solid sjakkmiljø.

Klubben blei nemleg starta for 36 år sidan, av den tidlegare rektoren ved skulen, Odd Birkestrand, og til saman har klubben vunne 17 noregsmeisterskap for barn og unge.

– Eg er sjølvsagt stolt av det, men det er ikkje for å utvikle noregsmeistrar me held på med dette. Det blir berre ein bonus når det dukkar opp talent som presterer slik, seier Birkestrand.

Markus Langfjell Lilletvedt

LÆRT Å TAPE: Markus Langfjell Lilletvedt har lært at det er viktig å tape i sjakk også, for då kan ein lære av det.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

– Eg trur dette spelet har veldig mange kvalitetar som du kan vekse på som menneske. Det utviklar eigenskapar som konsentrasjon, tolmod, rekneferdigheiter, analytiske evner, seier han.

I tillegg til sjakk lærer elevane kanskje det viktigaste, nemleg å ha evna å tape.

– Då er det mykje kjekkare å vera med å spele sjakk. Viss det berre hadde vore ein som vann heile tida hadde det ikkje vore så kjekt. Du lærer av det når du tapar, og så gjer du kanskje ikkje same feilen neste gong, seier Markus Langfjell Lilletvedt.

Odd Birkestrand

TAVLEUNDERVISNING: Odd Birkestrand lærer elevane sjakk ved hjelp av blant anna ei tavle.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK