Hopp til innhold

I denne byen vert det «alltid» krangling om kunst

STORD (NRK): Ny underskriftskampanje og kunstkrangel på Stord. – Positivt med så stort engasjement, seier ordføraren.

Skisse av skulpturen som er tenkt plassert på Torget i Leirvik

SKAPAR DEBATT: Skulpturen «Den høgreiste og havet» møter motstand på Stord. Bestillingsverket skal etter planen stå på Torget i Leirvik.

Foto: Privat

Nyleg fekk ordføraren ei liste med 500 underskrifter om bestillingsverket «Den høgreiste og havet», som etter planen skal stå på Torget i Leirvik sentrum.

Tala var klår: Dei vil ikkje ha «skrapjarnet» installert på Torget.

– Vanskeleg å forstå

– Det er eit kjenneteikn ved kunst i det offentlege rom at den skapar debatt og konflikt, seier Svein Bjørkås, direktør i KORO, statens faglege organ for kunst i det offentlege rom.

– Ingen har spurt meg om kvifor prosjektet ser ut slik det gjer. Då er det vanskeleg for folk å forstå, seier kunstnaren bak verket, Anders Kjellesvik.

Ikkje første gong

Storddøra ved innseglinga til Leirvik

SKAPTE DEBATT: Skulpturen «Storddøra», med ein prislapp på 5,5 millionar, var ikkje like populær blant alle då den vart installert i 2006. Heile 2600 stordabuar protesterte gjennom ei underskriftskampanje.

Foto: Stord kommune

Tidlegare har mellom anna kunstverka «Fish woman», og «Storddøra» ført til stor usemje i kommunen.

Koro-direktøren meiner dei som bestemmer må skjære gjennom.

– Det er viktig at dei som bestemmer er i stand til å ta avgjersler slik at det går an å realisere kunstprosjekt trass i at det er mange meiningar, seier han.

Ordførar på Stord, Gaute Straume Epland (Ap), meiner det er viktig at den offentlege kunsten skapar debatt.

– Kunsten skal skape engasjement. Det tyder på at ein har vore litt spenstig og vågal når ein har vald ut prosjektet, seier ordføraren.

Støtte på fleire problem

Kunstverket Fish Woman på Stord

OMSTRIDD: Inga S. Søreide sin skulptur Fish Woman var særs omstridd då den blei kjøpt inn av Utsmykningsfondet i 2013 for 40.000 kroner.

Foto: Inga S. Søreide

No er det altså Kjellesvik sitt verk «Den høgreiste og havet» som får gjennomgå.

Anders Kjellesvik

TRIST: Anders Kjellesvik meiner framstillinga av prosjektet hans «Den høgreiste og havet» har blitt einsidig framstilt.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Han fekk oppgåva frå Utsmykkingsfondet i 2014, men sidan våren 2016 har han støtt på fleire utfordringar.

Først dukka det opp hindringar grunna vass- og avløpsrøyr under bakken. Deretter vart det usemje kring plasseringa av statuen.

– Eg trur utsettinga har ført til meir misnøye, seier Kjellesvik.

Meiner folk ikkje forstår kunsten

Kunstnaren trur mykje av motstanden kjem av at folk ikkje forstår kva prosjektet handlar om.

– Det har blitt dårleg formidla. Det handlar om torget i ei historisk ramme, men eg trur ikkje folk forstår det.

Han er tydeleg på at prosjektet er skapt spesifikt for Torget, og at det vil vere uaktuelt å flytte skulpturen.

– Det vil bryte med heile prosjektet dersom den vert flytta, og vi endar opp med eit heilt anna kunstverk.

Kunstnar: – Trist

Lene Pilskog og Gaute Straume Epland.

IKKJE ALLE ER IMOT: – Det er dei som er mest ueinige som skrik høgast, seier ordførar på Stord, Gaute Straume Epland.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Kjellesvik syns det er leit med all den negative omtala.

– Det er uheldig at det vert så einsidig framstilt, seier han.

Også ordføraren er einig.

– Ofte er det dei som er mest imot som gjev mest lyd ifrå seg. Det er mange på Stord som er for dette, men dei høyrer vi ikkje så mykje om, seier han.

Næring, miljø og kulturkomiteen har kome med ei innstilling om å plassere verket på Torget slik den opphavlege planen var. Den endelege avgjersla vert gjort 26. oktober.