Hopp til innhold

I denne barnehagen er det tettpakka med pedagogar

BERGEN (NRK): 1. august blir krava strengare for dei som jobbar i barnehagen. No skal pedagogane forskast på.

Barnehagelærer Marie Berge i Solheimslien barnehage

FULL FART: Marie Berge er pedagog i Solheimslien barnehage. Der er det mange tilsette med same utdanning.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

I solsteika på taket av Solheimslien barnehage i Bergen vrimlar det av små hattar, solbriller og vassflasker. Til saman blir 75 barn passa på av 20 vaksne – halvparten av dei pedagogar.

Barnehagelærar Marie Berge har to barn på fanget. Ho trur det blir meir kvalitet i barnehagen med fleire pedagogar.

– Me har lært om kva barna treng. Som at me møter blikkontakt, sit oss ned med barna og viser at me lyttar. I tillegg snakkar me tilsette meir om fag når me er fleire, seier Berge.

Barn i Solheimslien barnhage

TØRST: Dei kommunale barnehagane Sandalsbotn, Øvrebø og Årstad brannstasjon er òg med i studien. Denne jenta går i Solhemslien.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Veit for lite om betydninga

Som ein av fire barnehagar er Solheimslien barnehage ein del av eit forskingsprosjekt. Målet er å finna ut kva det faktisk betyr å ha mange utdanna barnehagelærarar blant dei tilsette.

– Når fleire fagfolk kjem inn, er det naturleg å tenka at ein kan læra meir. Men me veit for lite om kva det betyr å ha fleire pedagogar, seier Robert Ullmann, dagleg leiar i barnehagekjeda Kanvas.

Sidan 2011 har stiftinga, som står bak 64 barnehagar landet rundt, jobba for å få opp talet på pedagogar. I fjor inviterte stiftinga med Bergen kommune inn i prosjektet.

Prosjektet, som blir leia av Uni Research Rokkansenteret, skal finna svar på følgande problemstillingar:

  • Kva skjer om halvparten av dei tilsette er barnehagelærarar?

  • Kva kjenneteiknar kvaliteten i barnehagar der halvparten av dei tilsette er utdanna barnehagelærarar?

Pedagog Marie Berge i Solheimslien barnehage

BLID SOM EI SOL: Barnehagelærar Marie Berge meiner barna får utbyte av at dei er mange med særskilt fagkompetanse.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Nyttar ikkje å berre fylla på med pedagogar

– Eg trur det vil skje store endringar i barnehagane. Kompetansen og spesialiseringa dei mange nyutdanna pedagogane vil ta med seg inn i yrket, vil truleg føra til ei profesjonalisering av yrket. På sikt kan det også heva yrkesstatusen, meiner statsvitar Anne Dåsvatn Homme, ein av forskarane bak pilotprosjektet.

Homme håpar at forskinga vil gi svar på korleis barnehagane best kan utnytta ressursane.

Barnehagebyråd Pål Hofstad Thorsen og Robert Ullmann

NYTTIG: Barnehagebyråd i Bergen, Pål Hafstad Thorsen (Ap, t.v.) og dagleg leiar i stiftinga Kanvas, Robert Ullmann, trur forsking på pedagogar er bra.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Det har vore ein barnehagerevolusjon i Noreg dei siste ti-femten åra, men kvaliteten har kanskje vore nedprioritert. Det å forska og sjå kva faktorar som kan løfta tilbodet for barna våre, trur eg er lurt, seier barnehagebyråd i Bergen, Pål Hafstad Thorsen (Ap).

Først i 2019 vil forskarane legga fram sine funn.

Ingen pengar til barnehageløft

Allereie frå hausten av vil regjeringa innføra den nye bemannings- og pedagognorma, men dei har ikkje sett av pengar til kommunane.

Kanvas har rekna ut at 50 prosent pedagogtettleik og lik løn til alle barnehagelærarane vil kosta dei rundt 300 kroner per barn per månad.

Elisabeth Rishaug, styrer i Solheimslien barnehage i Bergen

FAGTUNG: Styrar Elisabet Rishaug har heilt sidan oppstarten i 2015 tilsett fleire pedagogar enn kravet. – Pedagogane deler av den kunnskapen dei har, slik at det drypp på alle.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Frå 1. august aukar kravet til pedagogdekning frå 33 til 43 prosent. Private barnehagers landsforbund meiner kravet allereie i 2021 bør vera over 50 prosent for å gjera barnehagane betre.

Men Kunnskapsdepartementet har ingen konkrete planar om å stramma ytterlegare inn.

– Med større tilgang på pedagogar og rekordhøg søking til barnehagelærarutdanninga ligg det til rette for at me får fleire pedagogar, skriv statssekretær Rikke Høistad Sjøberg (H) i ein e-post.