Hopp til innhold

Desse er nominerte til Ungdomens kritikarpris

Klokka 12 i dag offentleggjorde juryen kven som er nominerte til Ungdomens kritikarpris. Sjå annonseringa frå Litteraturhuset i Bergen her.

Desse er nominerte til Ungdommens kritikarpris

UNGDOMMENS KRITIKARPRIS: I dag offentleggjorde Bjarte Bakken, prosjektleiar i foreininga !les kven som er nominerte til Ungdommens kritikarpris 2014/15. Foto: Ingfrid Berge Fosskåskaret.

Dei åtte nominerte bøkene til Ungdommens kritikarpris 2014/15 blei lanserte på Litteraturhuset i Bergen tysdag 11. november kl. 12.

Dei nominerte er:

  • Amalie Kasin Lerstang: Europa (Cappelen Damm)
  • Rune Christiansen: Ensomheten i Lydia Ernemans liv (Oktober)
  • Jon Fosse: Kveldsvævd (Samlaget)
  • Terje Holtet Larsen: Kjærligheten mellom intelligente menn (Oktober)
  • Birger Emanuelsen: Fra jorden roper blodet (Tiden)
  • Lars Petter Sveen: Guds barn (Aschehoug)
  • Nils-Chr. Moe Repstad: 19 forgiftninger (Flamme)
  • Kjersti Wøien Håland: Dommedøgn (Flamme)

Delast ut for tiande gong

Bjarte Bakken

FOREININGA !LES: Bjarte Bakken annonserer no dei nominerte til Ungdommens kritikarpris 2014/15.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Prisen blei etablert etter eit initiativ frå Foreininga !les i 2005 og delast ut i mars 2015 ut for tiande gong.

Bak samarbeidet står også Utdanningsforbundet, Norsk kritikarlag, Lesesenteret i Stavanger og Den norske Forleggerforening. Prisen er inspirert av Goncourt des Lycéens, ungdomsvarianten til den store franske litteraturprisen, Prix Goncourt.

Tidlegare vinnarar er mellom anna Helga Flatland, Stig Sæterbakken, Eivind Hofstad Evjemo og Agnes Ravatn.