Hopp til innhold

– Dette er ein stor dag i Nordhordland

LINDÅS (NRK): Alver kommune blir ein realitet frå 2020

Alver kommune. Ordførarar frå Radøy, Lindås og Meland

GÅR SAMAN: I dag blei det bestemt at kommunane deira slår seg saman til Alver kommune frå 2020. F.v. Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp), Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) og Meland-ordførar Øyvind Oddekalv (Ap).

Foto: Tim Wassmo / NRK

I dag blei samanslåinga vedtatt i eit historisk felles kommunestyremøte for Lindås, Radøy og Meland. Alver kommune vil bli til ein av dei største kommunane i Hordaland frå 1. januar 2020.

Politikarane frå dei tre kommunane møtte kvarandre i dag for å vedta namn, tal på representantar i det nye kommunestyret og andre formalitetar.

Fellesmøtet starta klokka 12.00, etter dette hadde kvar kommune sitt eige kommunestyremøte kor dei samrøystes vedtok alle instillingar i intensjonsavtalen. Det heile var over rundt klokka 14.00.

– Ingen av oss har vore med på noko sånt før, så dette er litt historisk. Det er ikkje så ofte at dette skjer, sa fylkesmann Lars Sponheim under innleiinga av møtet.

Kunne blitt ein av dei største

Ordfører i Lindås Astrid Aarhus Byrknes

GLER SEG: Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes ser fram til samanslåinga.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Men kommunen kunne ha blitt endå større. Bakteppet for samanslåinga er ein intensjonsavtale mellom heile åtte kommunar i regionen.

Kommunen ville blitt ein av dei største i Noreg med eit areal på 2183 km². Det ville blitt den største i Hordaland i areal, og den nest største i innbyggartal med 36.000. Men det blei aldri noko av.

I staden endar det med at tre av dei åtte kommunane slår seg saman. 28.620 innbyggarar og 679 km² skal samlast til ein ny storkommune.

Fylkesmann Lars Sponheim leia det historiske møtet, slik han også gjorde då Øygarden, Fjell og Sund i går slo seg saman til det som blir Øygarden kommune.

Alver

NRK prata med Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes i forkant av vedtaket, då var ho glad for at ein nærma seg samanslåing.

– I dag skal me gjera eit historisk vedtak, så det blir ein spennande dag i Lindåshallen.

I går gjekk fleirtalet i kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy inn for Alver som kommunenamn. På møtet i dag vedtok dei dette kommunenamnet.

– Namnet på den nye storkommunen er flott, og no skal me fylla det med innhald. Det blir ei kjekk reise å vera med på, seier Aarhus Byrknes i forkant av møtet.

Alver kommune blir til

STORMØTE: Alle innstillingar i intensjonsavtalen blei samrøystes vedtatt.

Foto: Tim Wassmo / NRK

Ein time ute i møtet hadde politikarane skrytt over samarbeidet under samanslåinga, og den gode namneprosessen var noko av det mest omtalte.

– Me er nok alle einige om at det er best at foreldra blir einige om namnet til barnet, og at presten ikkje bestemmer dette ved dåpsfontena, sa møteleiar Sponheim til latter frå salen.

Fort gjort

Kommunestyremøtene til Lindås, Meland og Radøy gjekk fort over. Alle innstillingane i intensjonsavtalen deira blei samrøystes vedtatt.

Samanslåinga blei markert med trompetmusikk og eit banner med det nye kommunenamnet.

Alven kommune