I dag får 550.000 valkortet på mobilen

Men du treng det eigentleg ikkje.

Digitale valgkort

DIGITALT: Veljarar i 18 kommunar er med i eit prøveprosjekt med valkort på mobilen.

Foto: VALGDIREKTORATET

Kvart andre år dumpar den velkjende lappen som fortel om haustens val ned i postkassa til alle som har røysterett.

For over ein halv million nordmenn vert det ikkje slik i år.

Valdirektoratet testar ut dei digitale valkorta i totalt 18 kommunar, deriblant Bergen, Hamar, Tromsø og Bodø.

Valkorta vert sendt ut måndag 5. august.

Slik hentar du valkortet

550.000 veljarar vil kunne få det digitale kortet. Dei får ein SMS og kan lasta ned kortet via ID-porten. På kortet står opplysningar om næraste stemmelokale og valtidspunkta, slik det gjer på dei vanlege valkorta på papir.

– Veljarar som har digital postkasse får valkortet sitt der. Dei som ikkje har digital postkasse, får valkortet på ein personleg side på valg.no, seier Kristina Brekke Jørgensen i Valgdirektoratet.

Dei som har reservert seg mot digital kommunikasjon eller ikkje har benytta den digitale postkassa på halvanna år, skal allereie ha fått valkortet på papir.

Ei teneste du ikkje treng

– Mange valkort på papir kjem i retur, gjerne fordi den oppgjevne adressa er feil, seier valrådgjevar Elin Solberg i Bergen kommune.

Ho håpar at det skal bli enklare å få fram valkorta digitalt.

Men eigentleg digitaliserer staten no ei teneste du ikkje treng. I alle fall om du skal røysta i heimkommunen din.

Du kan nemleg røysta heilt utan valkort, så lenge du har med deg godkjend legitimasjon som pass eller førarkort.

– Før var du tettare knytt til stemmekrinsen din. Viss du stemte i eit anna lokale, måtte du putta valkortet i ein konvolutt med godkjend stempel. Men no kan du stemme kor du vil. Vi finn deg elektronisk, seier Solberg.

Valgkort til stortingsvalget 2017

ANALOGT: Slik ser det fysiske valkortet vanlegvis ut, her frå stortingsvalet i 2017.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Veit ikkje prisen

Valdirektoratet dekkjer kostnadene med det digitale prøveprosjektet. Kommunikasjonssjef Kristina Brekke Jørgensen veit enno ikkje kva digitalkortet kostar å innføra, eller kva staten kan spara på tiltaket.

– Det skal vera lett å stemma, og valinformasjonen må derfor vera tilgjengeleg for veljarane når dei treng det og der dei treng det, seier Jørgensen.

Å finna ut kva ein kan spara, er ein del av forsøket, ifølgje henne.

Det er lovpålagd å senda ut kortet med informasjon om valet, fortel Jørgensen

– Så er valkortet ei hyggjeleg påminning om at valet nærmar seg.

Enklare i vallokalet

Framleis treng du valkort om du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er folkeregistrert. Då må kortet sendast til heimkommunen.

– Vi kan skriva ut valkort i vallokalet, men det går raskare om du har det med, seier Solberg.

– Så eigentleg treng vi ikkje valkort i det heile tatt?

– Det har vore diskutert å kutta det ut, men det er no eit informasjonstiltak departementet har nytta. Uansett er det enklare for oss å finna deg i manntalet om du har med kortet, seier Solberg.

Og kor tid er dette valet igjen?

  • Førehandsrøystinga startar 12. august.
  • Valdagen er 9. september.