Hopp til innhold

Hyttefolket vil ha ned farten – det kan gi Asbjørn ni timar ekstra i bilen i året

Vegen over Kvamskogen kan få 60-sone om Vegvesenet og hytteeigarane får viljen sin. Men det betyr tjue minutt lenger reisetid i veka for dei mest aktive pendlarane.

Vinter på Kvamskogen i Hordaland

SNØDEKT: På vinterstid kan det vera mykje folk i helgar og feriar på Kvamskogen. Då er høge brøytekantar, parkerte bilar og tett gjennomgangstrafikk ei utfordring, meiner hyttefolket. Men pendlarane meiner ei varig nedsett fartsgrense vil ramma dei mest, då vegen over Kvamskogen for det meste er folketom.

Foto: Jan Petter Svendal

Kvamskogen er eit av dei mest populære utfartsområda i Noreg og er rekna som landets femte største hytteområde.

Det er særleg bergensarane som nyttar fjellområdet mellom Hardanger og Bergen. Dei over 2000 hyttene ligg tett og i dei travlaste helgene kan det vere fleire tusen hyttefolk på plass.

Det skapar også farlege trafikksituasjonar, særleg om vinteren. Høge brøytekantar gir dårleg sikt og gjer det vanskeleg for mjuke trafikantar å krysse fylkesvegen, både med og utan ski og turutstyr.

– Det er berre eit under at det ikkje har gått liv tapt, meiner styreleiar Eva Grimstad i Kvamskogen Vel.

Eva Grimstad i Kvamskogen vel og Knut Harald Frøland

Eva Grimstad handlar inn mat i Samnanger på veg til hytta på Kvamskogen. Her i prat med Samnanger-ordførar Knut Harald Frøland.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Frå 80 km/t til 60 km/t

Velforeininga har i mange år kjempa for å få ned fartsgrensa på fylkesveg 49, i påvente av ei avgjerd om kor ny tunnel forbi Tokagjelet skal gå.

No kan dei bli høyrde. I eit høyringsbrev til forslag om ny fartsgrense, tek Statens vegvesen til orde for å seinke fartsgrensa frå 80 km/t til 60 km/t på sju kilometer av strekninga.

Dei vil også setje ned farten til 70 km/t på ytterlegare tre kilometer av vegen.

– Vi vil ha 60 km/t over heile Kvamskogen. Det er ingen form for gangareal langs vegen, seier Grimstad.

POPULÆRT: Fylkesveg 49 mellom Bergen og Norheimsund i Hardanger går over fjellplatået Kvamskogen. Området er eit av dei tettaste hytteområda i landet.

Pendlarane reagerer

Men lågare fartsgrense er dårleg nytt for dei fleire hundre som pendlar mellom Hardanger og Bergen.

– Det er ei stille og aude strekning. Lågare fartsgrense er ufornuftig. Vi tilpassar farten etter tilhøva og føreforhold, seier Asbjørn Mo, som har pendla frå Kvam til Bergen sidan 1986.

I dag pendlar han omtrent tre gonger i veka til Bergen.

Pendlar Asbjørn Mo frå Norheimsund

PENDLAR: Asbjørn Mo pendlar hyppig frå Norheimsund til Bergen. Etter over 30 år med pendling har han aldri opplevd farlege situasjonar med gåande og bilistar på Kvamskogen, fortel han.

Foto: Privat

Fleire pendlarar fryktar at nokre få hektiske utfartshelger og høgtider skal få styra farten heile året. Nokre av dei har på eige initiativ sendt høyringsinnspel i saka.

Det har også Mo, som meiner hyttefolket overdriv. Pendlarane køyrer stort sett i periodar på døgnet der det er svært få mjuke trafikantar på vegen.

– Eg har aldri opplevd farefulle situasjonar på vegen, seier Mo.

Gir stort utslag på reisetid

Sjølv om ein fartsreduksjon på 20 km/t over sju kilometer i utgangspunktet gir lite utslag på reisetida, blir det mykje over ein lengre tidsperiode.

På ein enkelttur vil pendlarane tapa to minutt kvar veg, ifølge Kvam herad, som behandla den moglege fartsreduksjonen i heradsstyret førre veke.

For dei som pendlar kvar dag, blir det 20 minutt lenger køyretid i veka. På eit normalt arbeidsår (230 arbeidsdagar) blir det til slutt over 15 timar ekstra i bilen for dei som pendlar mest.

For Asbjørn Mo sin del vil det bety kring ni timar ekstra i reisetid i året.

– Sjølv om auke i reisetid kan synest å utgjera relativt lite på ei enkeltreisa, vil det verta omfattande for køyrande som nyttar vegen mykje, skriv rådmann Anita Hesthamar i sitt framlegg i saka.

– For bussruter og annan transport med hyppigare avgangar, vil omfanget verta endå meir omfattande. Dette vil gje samfunnsøkonomiske tap, og negative regionale effektar for Hardanger og Kvam, legg ho til.

Bil kjem ut av tunnel i Tokagjelet i Kvam herad. Rett fram er fjellveggen som rasa i 2011.

TOKAGJELET: Gjelet mellom Kvamskogen og Norheimsund er blant dei mest rasfarlege strekningane på Vestlandet. Ny tunnel skal gjera vegen her historisk, men ein slik tunnel vil tidlegast opna i 2024. Enno står det att å velja tunneltrasé.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Foreslår digitale skilt

I heradsstyret bestemte politikarane seg difor for å greia ut ei løysing med elektroniske skilt.

Ei slik løysing gjer at farten kan bli sett ned i periodar med mykje utfart på Kvamskogen, til dømes i helger og i feriar.

– Det er vel eit greitt kompromiss, sjølv om eg meiner heile greia er litt overdrive, seier Asbjørn Mo.