NRK Meny
Normal

Hyttebrann sløkt i Bergen

To personar skulle fyre i peisen, då det byrja å brenne i taket på ei hytte i Bergen i natt.

Klokka 00.15 vart det meldt om brann i ei bustad i Grimseidsvegen, i nærleiken av Hjellestad i Bergen sør.

Det viste seg at det brann i taket på hytta.

To vaksne personar med utanlandsk bakgrunn melde frå om brannen. Dei hadde fyrt i peisen, då det hadde gått i tak konstruksjonane og kledningen. Dei var åleine i hytta og kom seg ut på eiga hand.

Det var glatte vegar til staden, så brannvesenet måtte ta det med ro.

Brannvesenet heldt fram til klokka 02.45 med sløkking av brannen, men vil utover morgontimane helde fram med ettersløkking.

Det vart ikkje meldt om personskadar og saka skal etterforskast. Dei to personane i hytta er innlosjert på hotell.

Laster Twitter-innhold

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.