Hopp til innhold

Hytte i Arna stod i brann

Ei hytte i Langerekkja i Arna stod laurdag kveld i full fyr. Brannvesenet fekk kontroll på brannen i 22-tida.

Brann

– Røykdykkarane har vore inne i hytta og ikkje gjort noko funn. Så då reknar me ikkje med at det er folk der inne, seier vaktoperatør ved 110-sentralen, Torkjell Helle.

Det brenn i ei hytte i Langerekkja i Arna. Hytta skal ligga avsides, og det er ikkje fare for spreiing,

Kokka 21.10 opplyser Helle om at brannvesenet har kontroll på staden, og vil halda fram med slukkingsarbeidet utover kvelden.

– Me kan ikkje sei noko om kor store skader hytta har fått endå.

Mykje røyk

Brannen vart meldt inn av ein nabo som observerte røyk og flammar frå hytta.

– Me har blitt fortalt at hytta skal vera ubebudd, men me var likevel inne å sjekka med røykdykkarar for å vera sikker, seier Helle.

Operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Bjarte Rebnord, seier dei er på staden.

– Det er mykje røykutvikling her no, så me har bedd nokon av naboane om å lukka att vindauga. Me må vurdera etterkvart om me må evakuera dei som bur tett på.

Laster Twitter-innhold