Hopp til innhold

Hytte brann ned til grunnen på Tysnes

Etter fleire timar fekk politiet kontakt med eigaren av hytta som tysdag morgon stod i full fyr.

Fritidsbustad på Tysnes brann ned

FULLSTENDIG NEDBRENT: Fritidsbustaden som ligg i nærleiken av fleire andre hytter vart fort overtent, og er no heilt utbrent.

Foto: Ole Skaten / Bladet Tysnes

Like før klokka 06 tysdag morgon melde politiet om brann i eit hus ved Vermedalsvatnet på Tysnes.

– Det står flammar ut av bygningen, sa operasjonsleiar Jan Tore Heggholmen i Vest politidistrikt like etter.

Laster Twitter-innhold

Kort tid etter var lokalt brannvesen framme ved det som viste seg å vere ein fritidsbustad.

– Bygget er fullstendig overtent, og brannvesenet er no i gong med å sløkke. Det ligg fleire hus og løer i nærleiken, men det ser ikkje ut til å vere fare for at brannen skal spreie seg, seier vaktkommandør Stig Tetler ved 110-sentralen.

Fullstendig nedbrent

Ein dryg time etter at brannen vart meld inn opplyser politiet at bygget, som skal vere ei hytte, er fullstendig nedbrent.

– Brannen vart oppdaga av ein drosjesjåfør som køyrde forbi, og hytta vart raskt overtent. Alle dei andre hyttene i området var tomme, men vi har vore i kontakt med eigarane av fleire av dei, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

Ifølge Bladet Tysnes er det eit gamalt gardsbuk øvst i Vermedal som er brent ned. Dei siste åra har huset blitt brukt som fritidsbustad.

Hyttebrann på Tysnes

Fekk kontakt med eigaren

Politiet var lenge usikre på om det var folk i bygget, men like etter klokka åtte fekk dei kontakt med hytteeigaren.

– Han har sjølv ikkje vore i hytta, og veit ikkje om nokon andre som har vore der heller. Men fordi hytta er utbrent kan vi ikkje garantere at ingen har tatt seg inn og vore der då brannen braut ut. Det vert no oppretta sak, seier Rebnord.

Førebels har ikkje politiet nokon teori om kva som var årsaka til brannen.

– Branntomta må først bli kald, og så skal kriminalteknikarar inn for å undersøke, seier Rebnord.

Laster Twitter-innhold