Hopp til innhold

Hyllar Brann-publikumet

Det koka på eit fullsett Brann Stadion sundag kveld. Trass uavgjort var stemninga upåklageleg i begge leirar. – Det er slike kampar me treng i Eliteserien. Heilt strålande, konstaterer RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen.

Kåre Ingebrigtsen

NØGD: Trass i 1–1 og poengtap i Bergen var Rosenborg-trenar Kåre Ingebrigtsen nøgd etter kampen. – Fullt trykk, stort engasjement og alle ynskjer å vinna. Det er strålande. Det er slike kampar me treng i Eliteserien.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Jakob Orlov og Christian Gytkjær skåra måla i Bergen i kveld. Men det var dei over 17.000 på tribunen som sytte for festen.

– Eit fantastisk stadion med mange tilskodarar.

RBK-kaptein Mike Jensen fekk merka vreiden frå Brann-publikumet ved fleire høve. Dansken kasta seg inn i ei rekke duellar som heva temperaturen mot kokepunktet, men etter kampen hyllar han bergenspublikumet.

– Det er slik det skal vera mellom Brann og Rosenborg. Brann er tilbake i toppen av norsk fotball og då vert det temperatur, seier Rosenborg-kapteinen.

Brann-Rosenborg

SKRYT: Mike Jensen var både høgt og lågt mot Brann sundag kveld. Dansken fekk merka vreiden frå Brann-publikummet, men det gjer ikkje at møtet med eit fullsett Brann Stadion var av det negative slaget. – Eit fantastisk stadion med mange tilskodarar, seier RBK-kapteinen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Det er dette me treng i Eliteserien

Får Brann er tilbake i toppen av norsk fotball. Ikkje sidan gullsesongen i 2007 har Brann teke medalje.

No er dei raudkledde frå Bergen for alvor med i kampen om både sølv og bronse. Det verkar RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen å ha sakna.

– Fullt trykk, stort engasjement og alle ynskjer å vinna. Det er strålande. Det er slike kampar me treng i Eliteserien. Både spelarar og trenarar er utilrekneleg i 90 minuttar, men så er me fornuftige etterpå, seier «Bruttern» til NRK om dei mange kraftsalvane som tidvis hagla mellom dei to laga.

– 17.000, nydeleg vær, toppkamp og poeng mot Rosenborg.

Lars Arne Nilsen

VELLUKKA KAMP: Brann spela store deler av kampen med ryggen mot veggen, men rei av stormen mot Rosenborg. Brann-trenar Lars Arne Nilsen meiner det står respekt av det mannskapet hans presterte mot Rosenborg. Også dei 17.000 utanfor banen. – Me har eit vanvettig publikum.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Brann-trenar Lars Arne Nilsen er mektig imponert over innsatsen mot Rosenborg. Sotrastrilen er ikkje i tvil om at publikum piska hans elleve utvalde til å springa dei ekstra metrane.

Me har eit vanvettig publikum som er med oss.

– Verre å møta Hødd eller Follo

Vadim Demidov sleit med å halda sinnet under kontroll då dommar Tore Hansen gav gult kort tidleg i andre omgang. Etter kampslutt reflekterer han over kor stor skilnaden er frå fjoråret.

– Det er fantastisk å spela slike kampar. Det gjev både oss og Eliteserien eit enormt løft. Det er sånn det skal vera mellom to store lag og to store byar.

I fjor var det gulkledde trønderar Brann møtte i Levanger. No er det eit Europa-jagande Rosenborg Brann måler krefter mot.

Uavgjort i Bergen

KRIG: Brann-kaptein Vadim Demidov minnast oppgjera i 1. divisjon i fjor. – Det er fantastisk å spela slike kampar. Det gjev både oss og Eliteserien eit enormt løft.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Eg sa det til spelarane før me gjekk utpå: Det er mykje verre å gå utpå her å møta Hødd og Follo og vita at me må vinna, enn å gå ut mot Rosenborg for å kjempa om medaljar. Det er berre å nyta og takla det presset, seier kapteinen.