Og det er ikkje snakk om pingledosering
når far i huset er vaskekjering
Når far vaskar golv og vegg
frådar skummet som eit nisseskjegg.
Konemor står og måpa’
"Du må ikkje bruka så møkje såpa!"
Eg høyrer ikkje og gjer meg dum
med kroppen full i såpeskume.
Ein liter såpa til ti liter vatten
men kor svarten e’ no vel katten?
Inst i kroken sit vesle pus
fanga i sitt såpeskumhus.
Eg jobbar vidare iherdig
løna er lukta når eg er ferdig
pus sleikjer lystig på leverposteien
- den reinaste katten i kolaveien!
(Av poet Arne Torget frå Kvinnherad).