Hopp til innhold

Huseklepp: – Eg blei mentalt utsliten av all kritikken i Brann

LA MANGA (NRK): Erik Huseklepp meiner alt ligg til rette for at han skal slå til i Haugesund – og angrar ikkje eit sekund på at han drog frå Brann.

Erik Huseklepp på La Manga

VIL BLI BETRE: Erik Huseklepp angrar ikkje på at han tok farvel med Brann, og trur alt ligg til rette for at han no skal verte ein endå betre fotballspelar.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Erik Huseklepp sver evig kjærleik til Brann. Men han angrar ikkje på at han valde å flytte frå klubben som har vore hans sidan han var seks år gamal.

– No har eg ein trenar som snakkar om det eg er god på, og ikkje berre om det eg er dårleg på. Eg vart slitent mentalt i fjor. No ligg alt til rette for at eg skal vekse som fotballspelar.

Huseklepp vart aldri ein favoritt for Lars Arne Nilsen i Brann. Til slutt tok han det tunge valet å forlate klubben han elskar. 32-åringen seier Haugesund var eit enkelt val.

– Eg elskar å spele fotball. I Brann måtte eg ha levd med å stå bak i køen. Men eg har framleis mange gode år igjen.

Blanke ark

Huseklepp er ein sentral figur på feltet på La Manga denne føremiddagen. Under den spanske sola verkar han full av energi og treningsiver.

Vinteren har vore god for Huseklepp. I drakt nummer 10 har han herja, skåra mål og fått stor tillit. Han som var publikumsyndling i Bergen er i ferd med å bli det same i Haugesund. Men det er stor skilnad på dei to byane.

– Det er jo meir trykk i Bergen. Eg har aldri hatt eit problematisk forhold til media, men eg kan nok senke skuldrene meir her.

Erik Huseklepp på La Manga

FRAMLEIS BRANN-SUPPORTER: Huseklepp legg ikkje skjul på at Brann framleis er klubben i hans hjarte.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Som då Solskjær kom heim

Før helga spelte Haugesund mot trondheimslaget Ranheim på La Manga. Fem FKH-supporterar har tatt turen sørover for å sjå laget sitt, og fekk sjå at Huseklepp scorar eitt av Haugesund sine to mål.

– Vi har fått ein stjernespelar, meiner Arild Flesjå, leiar av supporterklubben Maakeberget, om Huseklepp.

– Han er ein god fotballspelar som det er lett å bli glad i. At Huseklepp kom til Haugesund kan samanliknast med då Solskjær kom heim frå England, meiner Flesjå.

– Vil elske brann så lenge eg lever

FKH-trenar Eirik Horneland er samd i at bergensaren kan bli ei viktig brikke.

– Vi skal dyrke dei offensive kvalitetane hans. Så får heller resten av laget demme opp bakover. Han har fleire gode år framfor seg på bana.

Huseklepp spelar på La Manga

SENTRAL: Huseklepp elskar framleis å spele fotball. Her er han på bana på La Manga.

Foto: KJELL JØRAN HANSEN / NRK

Det meiner 32-åringen frå Fyllingsdalen også sjølv. Han er klar for å gje alt for FK Haugesund dei neste to sesongane. Men han har sagt farvel til sin store sportslege kjærleik.

– Eg har vore Brann-supporter sidan eg var ein liten gut. Det vil eg halde fram med å vere så lenge eg lever.