NRK Meny
Normal

Huseigar let rumenarar bli buande etter «Lykkelandet» – no har han fått nok

BERGEN (NRK): Mannen ville kasta ut bebuarane etter Brennpunkt-dokumentaren i fjor, men ingen ville flytta. Etter at ei mindreårig jente blei henta ut av huset hans laurdag kveld tar han grep.

Hus 1

DET AKTUELLE HUSET: Her budde den 16 år gamle jenta.

Foto: NRK

Elleve rumenske statsborgarar blei arresterte då politiet aksjonerte på to adresser på Askøy og i Bergen laurdag kveld. I ein bydel like utanfor Bergen sentrum fann politiet ei 16 år gamal jente i eit hus saman med tiggarar, prostituerte og fleire menn.

– Me mistenker at jenta blei transportert til Noreg for å utnyttast i prostitusjon, sa politiadvokat Rudolf Christoffersen i Vest politidistrikt sundag.

Måndag er to menn og to kvinner sikta for grov menneskehandel. Dei sit no i varetekt i Bergen sentrum og skal truleg framstillast for fengsling tysdag.

Rudolf Christoffersen

MEINER JENTA BLEI TRANSPORTERT TIL NOREG: Rudolf Christoffersen er politiadvokat i Vest politidistrikt.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Huset sentralt i «Lykkelandet»

Huset politiet aksjonerte mot er eit av dei mest sentrale i NRK Brennpunkt-dokumentaren «Lykkelandet». Meir enn 20 personar har på det meste budd i huset, som NRK veit har stått sentralt i oppbygginga av eit rumensk familienettverk frå same området i Romania.

Paret som står som leigetakarar har tidlegare vore sikta for menneskehandel. Dei blir omtalt som «verten» og «vertinna» i NRK-dokumentaren.

Sakene mot dei to blei lagt bort, men politiet har i lang tid mistenkt det rumenske paret for å ha ei rolle i organisert kriminalitet med utgangspunkt i prostitusjon og tigging.

Bytter ut låsane

NRK veit at politiet har hatt huset under oppsyn. Det hevdar huseigaren at han ikkje har fått med seg.

– Eg har ikkje hatt oversikt eller kontroll over kven som har budd der. Eg vil ikkje bruka meir krefter på dette, seier han til NRK.

Aksjonen i helga kom ifølge mannen, ein bedriftseigar med adresse i Bergen, svært overraskande.

– Eg ante ingenting. Det har etter det eg forstår vore liten aktivitet og ingen klager frå naboar den siste tida seier mannen, som er i 50-åra, når han blir konfrontert med siktingane for menneskehandel.

No vil han ta drastiske grep for å få personane ut.

– Tysdag klokka 12 stiller eg med nye låsar og gjer bebuarane tre dagar på å henta eigedelane sine. Eg vil ikkje lenger ha dei folka i min leilegheit, seier mannen.

Politiet aksjonerte mot menneskehandelnettverk

AKSJONERTE LAURDAG: Her vert fleire av bebuarane arresterte av politiet.

Foto: NRK

Kjenner ikkje ansvar

Politiet meiner nettverket har frakta den 16-årige jenta til Bergen for å selja sex. Ifølge politiadvokat Christoffersen mistenker politiet at det alt har skjedd.

Mannen leiger ut ni leilegheiter i Bergen. Tre av leilegheitene var på eit tidspunkt leigd ut til det rumenske nettverket. Han avviser alle koplingar til at han skal ha samarbeidd med nettverket eller visst kva dei dreiv med

Huseigaren kallar situasjonen tragisk, men han kjenner ikkje ansvar for situasjonen.

– Kvifor skal eg det? Eg visste jo ingenting. Eg leiger berre ut, seier mannen, som i framtida ikkje ynskjer å leiga ut til rumenarar.

– Flyttar dei ikkje i morgon, tar eg kontakt med politiet. Eg har møtt på uærlege folk.