Hopp til innhold

Husbrannen på Moster er under kontroll

Ingen personar har kome til skade og det skal ikkje lenger vere fare for at brannen skal spre seg.

Brann Moster

HUSBRANN I ÅSEN PÅ MOSTER: Brannen skal no vere under kontroll, melder Brannvesenet.

Foto: Magnar Taranger

Eit hus står i full fyr i Åsen på Moster. Brannvesen og politiet er på staden.

Brannen skal vere under kontroll og ingen personar er skada.

– Me fryktar ikkje lenger spreiing til andre hus. Men me har ein god del sløkking att, seier Bjørn Roar Sortland, innsatsleiar i Brannvesenet i Sunnhordaland.

Då brannvesenet kom fram til brannen var heile huset overtent.

– Me har fått meldingar om at det ikkje skal vere personar i huset.

– Ingen personar er sakna så langt, men huset står i nærleiken av andre hus, seier Helge Danielsen, vaktoperatør hos brannvakta i Haugesund.

Evakuerte naboar

Huset ligg midt i eit bustadfelt. Det var ei stund fare for at brannen skulle spreie seg til andre hus.

Naboar blei evakuert på grunn av fare for spreiing.

Det er lokalt stor gras- og lyngbrannfare i Hordaland.

– Me ettersløkker og held vakt på staden til me er sikre på at brannen ikkje blussar opp att. Men det er ikkje noko stor fare for at det skal spreie seg til grasterreng sidan det har hus kring seg på alle kantar.

NRK oppdaterer saka