Hopp til innhold

Hus totalskadd i brann

Klokka 04.59: Hus i full fyr på Sandvollen i Kvinnherad. – Familien på fire hadde kome seg ut på eigehand, og det var ingen personskadar, men huset er meir eller mindre totalskadd, fortel operasjonsleiar Arve Samsonsen. Årsaka er enno ukjend.