Hopp til innhold

– Det var full fyr då vi kom fram

Hus på Stord sto i brann. Nabohus evakuert.

Brannen blei meldt klokka 02.43 natt til tysdag, og politiet skildrar huset som nærmest overtent då dei kom til staden saman med brannvesenet.

– Patrulja som rykka ut såg allereie på god avstand at det var full fyr i huset. Det var nærast å rekna som overtent då vi kom saman med brannvesenet til staden, fortel operasjonsleiar Oddvar Olsen, i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Kom seg ut på eiga hand

Huset som brann ligg på Storasletto på Leirvik. Fire personer budde i huset som brann, og alle kom seg ut på eiga hand.

Nabohuset blei evakuert, men klokka 03.18 hadde brannvesenet klart å slå ned brannen så mykje at det ikkje lenger var fare for at brannen skulle spreie seg.

Ettersløkking

Politiet veit førebels ikkje kva som kan vera årsak til brannen.

Vakthavande brannbefal på Stord, Jan Ove Anthun, seier til NRK klokka 06.30 at brannen er sløkt.

– Vi jobba ganske kraftig i rundt to timar for å få kontroll. Men no held vi på med ettersløkking, seier han.

Storasletto på Leirvik