Hopp til innhold

Fleire vel hunderasar med store helseplager

Kortsnuta hunderasar vert avla fram slik at dei får store helseplager. Den korte snuten som blir flatare og flatare, gjer det vanskeleg for hundane å puste. – Heilt horribelt, seier veterinær Jannicke Jæger, som vil politimelde dei mest alvorlege tilfella.

mops familie Haukeland Fossedal

FIN FAMILIEHUND: Anja Haukeland har valt mops og boston terrier fordi ho meiner dei er tolmodige og gode familiehundar.

Foto: Tale Hauso

– Vi har sett ei auke i eigarskap til desse hundetypane, seier veterinær og dagleg leiar i Dyreklinikken Bergen Vest, Jannicke Jæger.

Du kan tenkje deg sjølv korleis det er om du ikkje klarte å puste gjennom nasa. Desse hundane har det derimot sånn heile tida.

Jannicke Jæger, veterinær og dagleg leiar, Dyreklinikken Bergen Vest

Dei klassiske kortsnuta rasane er engelsk og fransk bulldogg, mops, bostonterrier, pekingesar, shi tzu, boxer, chihuahua, for å nemne nokre. Dei fleste av desse rasane har hatt ei auke dei siste åra.

Tal frå Norsk Kennel Klubb viser at dei fem føregåande åra har det vore registrert til saman 1314 hundar av rasen mops i Noreg. Det er ei auke på heile femti prosent samanlikna med åra 2004–2008.

Plage for hunden

Det vi ser på som sjarmerande med desse rasane er derimot til plage for hunden.

– Problemet er at denne hunderasen har blitt avla fram så anatomien er blitt heilt feil. Knokkelvevet blir for korte og samantrykte, samtidig som at slimhinnene er i original størrelse. Då vert det for mykje folder og ekstra hud utanpå og inni hunden. Dette fører til store problem for hunden, seier Jæger.

Den korte snuten kan diverre føre til defektar i nase, munn -og luftvegar, såkalla brachycephalt syndrom, som inneber tronge nasebor, lang blaut gane og/eller for mykje slimhinner i svelget som i nokre tilfelle gjer det vanskeleg å puste.

jannicke Jæger

UVITANDE EIGARAR: Veterinær Jannice Jæger trur at mange hundeeigarar vel desse hundetypane fordi dei ikkje er klar over plagene til hundane på førehand.

Foto: Dyreklinikken Bergen Vest

– Dei som er avla fram på den verst tenkelege måten har ønskje om at dei skal ha flatast mogleg fjes. Då får dei snøfte- og snorkelydar, store problem med å puste og i verste fall kan dei kollapse fordi dei får surstoffmangel, seier Jæger.

Bulldoggen er også ein omdiskutert avla rase. Denne rasen klarar ikkje eingong å ha ein normal fødsel.

– Her er det så gale at ein må ta keisarsnitt for å få ut kvalpane, seier Jæger.

Uvitande eigarar?

Jæger trur at mange hundeeigarar vel desse hundetypane fordi dei ikkje er klar over plagene til hundane.

– Eigarane ser nok på hundane og synest at dei er søte og fine. Det er jo berre sånn at enkelte fell for kortsnuta hundar slik som andre fell for større hundar. Den er lett å ha med seg og når eigarane ikkje veit om problema så forstår eg at dei vel desse, seier veterinæren.

– Er det nokre rasar av dei kortsnuta som er verre enn dei andre?

– Eg vil seie at mopsen har dei største problema. Dei har vi sett mykje problem med. I mine auge er den og mest populær, i alle fall på vår klinikk, seier Jæger.

Vart veldig sjarmerte

Familien Haukeland Fossedal frå Fyllingsdalen utanfor Bergen har to kortsnuta hundar. Mopsen Frank på snart fire år, og boston terrieren Smith på 2 1/2 år.

– Vi ville ha ein hund som passa vår livsstil. Vi vart veldig sjarmert av dei, både på grunn av utsjånaden og ikkje minst fordi dei er så tolmodige og gode familiehundar, seier Anja Haukeland.

Familien var klar over debatten rundt hunderasen og leste seg godt opp på førehand.

– Om ein kjøper frå ein seriøs oppdrettar og ser på stamtavla om det har vore problem tidlegare, så kan ein få eit inntrykk på kva ein får. Dette gjorde vi, seier ho.

– Vi er kjempenøgde med valet av hunderase, og kjenner oss ikkje igjen i alle dei negative karakteristikkane veterinæren omtalar mopsen med. Eg veit at nokon har hatt problem, men vi har vore heldige, legg ho til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mops hund

SJARMERANDE: Særtrekka som mange synest er søte med dei kortsnuta hunderasane, her mops, kan også vere ei plage for hunden.

Foto: Tale Hauso

Ulike meiningar om utsjånad

Dei fleste i hundemiljøet som Haukeland kjenner vil ha sunne og friske hundar. Likevel er det nokre få i miljøet som fremmar ein meir usunn standard.

– Det er nokon som vil at hundane blant anna skal vere flatast mogeleg i ansiktet. Dess tjukkare dei er, dess finare synest dei og at hundane er. Nokre meiner til dømes at hunden vår Frank, er for tynn. Veterinærane seier at han har ein fin størrelse og er sprek. Så det er forskjellige meiningar i miljøet om korleis desse hundane skal sjå ut, seier Haukeland.

Haukeland har likevel fått inntrykk av at fleire er meir bevisste og passar på kva hund dei får.

– Dei fleste eg kjenner vil ha sunne og friske hundar. No er det fokus på dette og dei som avlar fram for flate ansikt på hundane kan få ei smekk på handa, meiner ho.

– Er vi for opptatt i dag av utsjånad og at hundane skal vere søtast mogeleg?

– Ja, det har nok blitt sånn. Det er forferdeleg synd om det skal gå ut over hunden si helse. Om Frank hadde hatt meir nase, så hadde han ikkje blitt mindre pen av den grunn, seier Haukeland.

Forverra symptom

Varme og mosjon kan forverra symptoma til hundane. På tur må eigarane stoppe og vente på at hunden skal få pusten tilbake. I tillegg kan dei ikkje leike på same måten som andre hundar, fordi dei må ta pausar heile tida.

Dess tjukkare dei er, dess finare synest nokre hundeoppdrettarar at hundane er

Hundeeigar Anja Haukeland

– Du kan berre tenkje deg om du ikkje fekk puste gjennom nasen når du trenar, det er heilt umogeleg. Sånn har desse hundane det heile tida, seier Jæger.

Haukeland har ikkje merka dette på hundane sine. Ho seier dei passar på at Frank har ein aktiv livsstil, og dei tar hunden med på nærast alt.

Frank heng godt med opp Løvstakken, men når det har vore ekstremt varmt har det vore tyngre for Frank.

– Då klarer han ikkje å gå så langt som vanleg. Då unngår vi å ta han med på dei varmaste dagane, men elles merkar ikkje vi så mykje til det, seier Haukeland.

I verste fall burde dei bli politimeldt

– Det er heilt horribelt at dei vert avla fram på denne måten. Difor er det viktig at helsepersonell tek det opp, men vi har ikkje så mykje å seie. Her burde mattilsynet og andre i høgare instansar vore meir aktive og prøve å betre situasjonen. I verste fall meiner eg at dei som driv med ekstrem raseoppdrett burde bli politimeldt, meiner Jæger.

Alt som har med dyrehald og der ein påføre dyr unødig liding bør ikkje vere lovleg. Det bør vere ein form for straff eller bøtelegging, seier Haukeland.

– Forstår du kvifor veterinærar reagerer på at dette?

– Ja, absolutt. Når rasen oppstod på 1700-talet i Kina, så såg den heilt annleis ut enn det den gjer i dag. Og sidan nokre får slike alvorlege problem, så er det viktig at det blir fokus på dette, seier Haukeland.

– Eg får eit inntrykk av at dess meir populær ein rase blir, dess meir avlar ein særtrekka på hundane i stykkar, seier hundemora.

Men det er ikkje alle som avle fram dei mest ekstreme hundane.

– Heldigvis er det enkelte og seriøse avlarar som prøver å avle fram ei sunnare rase med større nase og betre pusteevne. Trenden kjem seg, men det tar tid. Difor er det viktig at folk er merksame på dette, og ser på korleis foreldra ser ut for å passe på at kvalpane ikkje også får for flatt ansikt, seier veterinæren.

(Artikkelen held fram under biletet)

slosskamp hund

LEIKNE: Mopsen Frank og boston terrieren Smith likar å leike og slåst i lag.

Foto: Tale Hauso

Nokre må få behandling

Nokre hundeeigarar ønskjer å gjere situasjonen betre for hundane sine, og kjem til dyreklinikkane for å få dei opererte.

– Fleire eigarar ønskjer å gjere det beste for dyra sine, så vi merker ei auke på operasjonar for å betre livskvaliteten til hundane. Men det er alltid ein risiko, og desse kortsnuta rasane krev ein spesiell operasjon med ein bestemt før- og etterbehandling, seier veterinæren.

– Skal det vere nødvendig å leggje hundane under kniven for at vi skal eige dei?

– Nei, det skal eigentleg ikkje vere nødvendig, det synest eg ikkje, seier Jæger.

Få ein mest mogeleg sunn hund

Jæger legg til at ho forstår kvifor folk vil ha desse hundane, men meiner at eigarane kan ta sine forholdsreglar.

– Det er nokre koselege og fine familiedyr, men eg håpar at dei som framleis ønskjer å ha sånne hundar ser meir på anatomien og prøver å få ein mest mogleg sunn hund, legg Jæger til.

Haukeland meiner at hundeeigarane også har eit viktig ansvar for å vere med å halde hunden frisk.

– Eigarane har eit ansvar og må passe på å aktivisere hunden. Sidan desse typane ikkje krev så mykje, så er faren at eigarane berre vil ha dei som selskap og ikkje som turkamerat. Om ein ikkje aktiviserer dei, så blir hundane late og feite. Det kan igjen gjere dei sjuke, seier Haukeland.