Hopp til innhold

Hund gjekk til angrep – fleire personar til legevakt

Fleire personar er køyrd til Bergen legevakt etter at ein stor hund gjekk amok på Fantoft. Eigaren blir no meldt til politiet.

Politiet fekk melding om hendinga rundt halv seks laurdag kveld.

– Ein rottweiler angreip fleire menneske på Fantoft, og eigaren hadde ikkje kontroll på hunden, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt Hans-Eirik Thune.

Minst tre personar er sendt til Bergen legevakt med bittskader.

Laster Twitter-innhold

Politiet prøvde rett etter å få kontroll på hunden inne i eit hus.

– Hunden blir no tatt hand om av politiet. Seinare må vi eventuelt vurdere avliving, seier Thune.

Operasjonsleiaren seier det er snakk om omsorgssvikt ovanfor hunden, og at eigaren vil bli meldt til politiet for dårleg dyrehald etter Dyrevernlova.