Hopp til innhold

– Bergen er Noregs humorhovudstad

Festivalsjef Sølvi Rolland for Humorfest er ikkje i tvil om at Bergen er Noregs viktigaste humorby.

Norges humorhovedstad e for øyeblikket Bergen - Med Norges største humorfestival godt i gang, og komikarar frå inn- og utland. I kveld opptrer ein av Storbritanias største stjerner.

SJÅ VIDEO: Telefonen til festivalsjef Sølvi Rolland står ikkje stille om dagen. 95 artistar og 70 frivillige er i sving når Humorfest vert arrangert i Bergen.

Telefonen hennar står ikkje stille om dagen. Tysdag vart Humorfest sparka i gang i Bergen. 95 artistar, 70 frivillige og fem dagar med moro på fleire av byen sine scener.

Rolland er travelt oppteken med å leggje til rette for alt og alle.

– Akkurat no var det alle kleda til dei frivillige som ikkje har dukka opp, smiler ho.

Meiner Bergen er humorhovudstaden

Festivalsjefen står midt på Ole Bulls plass i Bergen sentrum. Her er det seks scener som konkurrerer med kvarandre.

– Det er ingen tvil om at Bergen er Noregs humorhovudstad. Så har vi alle scenene her som ligg tett i tett, seier Rolland og speidar utover gata mellom Den Nationale Scene og Festplassen i Bergen.

Men sjølv om scenene er konkurrentar, meiner ho at samarbeid er noko av svaret på byen sin humorsuksess.

– Samarbeidet er kjernen i det vi driv med, seier Rolland og ramsar opp alle humortalenta frå Bergen som har hatt nok av scener å boltra seg på.

– Ylvis, Dagfinn Lyngbø, Kvinner på Randen, Marit Voldsæter, Bjarte Hjelmeland. Eg kunne halde fram slik lenge!

– Internett har endra situasjonen

Dara Ô Briain

VITJAR HUMORFEST: Den irske komikaren Dara Ô Briain.

Foto: Tim Wassmo / NRK

Til Humorfest kjem kjente komikarar frå inn- og utland. Ein av dei største stjernene frå Storbritannia står på scena i kveld, nemleg Dara Ô Briain, kjent frå «Live at the Apollo».

- Ein skulle ikkje tru at eg ville hamne her, seier Ô Briain på spørsmål om kvifor vitsane hans har teke han til Bergen.

– Men internett har endra situasjonen for standup i dag. Kanalar som NRK syner standup frå utlandet og i tillegg søkjer folk opp klipp på YouTube og følgjer komikarar på Twitter, forklarar han.

Vil vera best

I tillegg til dei mange lokale komikarane som Bergen har fostra opp, har byen Noregs største humorfestival.

Men størst er ikkje viktigast for festivalsjefen. Sølvi Rolland vil vera best. Difor samlast humorbransjen til fleire fagseminar for å dele og for å lære av kvarandre.

– Alle produsentar i underhaldningsbransjen i Noreg kjem til Bergen i desse dagar.