Hopp til innhold

Hummarfare frå Amerika

Importert hummar kan truga norsk hummarar, og no fryktar havforskarar ein dødeleg sjukdom.

Amerikansk hummar
Foto: Andreas Grimsæth / NRK

Ulovleg utsett amerikansk hummar er blitt eit problem i Noreg.

Mange av desse er bærarar av ein farleg sjukdom som er dødeleg for norsk hummar.

Berre i haust blei det funne fem amerikanske hummarar ved Bjorøy utanfor Bergen.

Skrekkscenario

- Skrekkscenarioet er at den amerikanske hummaren etablerer seg i vår fauna ja, seier havforskar Ann-Lisbeth Agnalt.

Tolv amerikanske hummarar er funne i norske farvatn dei siste åra.

I ein fersk rapport slår Ann-Lisbeth Agnalt og andre forskarar ved Havforskningsinstituttet alarm.

Importerer levande hummar

Hummarane blir importerte levande til Noreg, og blir sette ulovleg ut i sjøen.

Det kan bety døden for ein allereie svak norsk hummarbestand.

-  Frykta er at desse hummarane skal vera bærarar av ein sjukdom som er hundre prosent dødeleg for europeisk hummar, fortel Agnalt.

 

Kees Ekeli
Foto: Andreas Grimsæth / NRK

 

Lite norsk hummar

Direktør ved Akvariet i Bergen, Kees Ekeli, kjenner til importerte skalldyr som har teke knekken på lokale bestandar tidlegare.

Han fryktar at det same kan skje med norsk hummar.

Hummarbestanden i Noreg har vore låg sidan 50-talet, og fangstreglane er strenge. Difor et me ofte importert amerikansk hummar.

Vil stogga importen

Kees Ekeli ber no styresmaktene om å stogga importen.

-  Eg ser overhovudet ingen grunn til å importera eit levande dyr som kan øydeleggja den norske faunaen på denne måten, meiner han.

På Akvariet i Bergen kan publikum møta ein av dei 12 amerikanske hummarane som er funne i Noreg.

I haust blei det funne fem hummarar ved Bjorøy utanfor Bergen, og fleire av dei har lagt egg i norske fjordar.

Om larvene blir vaksne hummarar, kan norsk hummar vera i fare.