Hopp til innhold

Hummaren blir totalfreda 16 stader langs kysten

Fredinga av hummar blir kraftig utvida 1. oktober. Dei neste ti åra skal hummarfiske vera totalforbode heile året i tolv nye område i Hardanger og Vestfold.

High Flying Hummer med Hornelen i bakgrunnen

TOTALFORBOD: Heile Granvin og Ulvik er blant områda der hummaren blir totalfreda frå neste månad.

Foto: Egil Ødegård

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Hummaren er utrydningstruga og raudlista, men frå før har berre fire små område i landet hatt tilsvarande totalfreding - i Vestfold, Østfold og Aust-Agder.

- Freding virkar

– Resultat frå tidligare etablerte fredingsområde viser at når hummaren får vera i fred nokre år, så aukar bestanden betydeleg langs kysten vår, både i bevaringsområdet og i dei tilstøytande områda.

Det seier seksjonssjef Line-Marie Lisæter i Fiskeridirektoratet region Vest.

Leni Marie Lisæter

Seksjonssjef Line-Marie Lisæter i Fiskeridirektoratet region Vest.

Foto: Privat

Derfor oppmoda direktoratet i 2014 kommunane til å ta initiativ til fredingssoner lokalt.

No har ei rekke kommunar i Hardanger og Vestfold sjølve føreslått område der dei meiner hummarfiske bør vere forbode i ti år. Hardanger får ni fredingsområde, Vestfold får eitt utvida (Bolærne) og to nye.

Innanfor desse områda blir det forbod mot fiske med teiner og ruser gjennom heile året.

At desse to stadene i landet er plukka ut, er ifølge Lisæter litt tilfeldig:

– Me har no freda der det er lokal semje for det. Indre Hardanger er ikkje blant dei viktigaste områda for hummar, men det lokale engasjementet er viktig, og me håpar fleire kommunar kontaktar oss med forslag til nye fredingsområde.

Hummarfreding Hardanger2

I kommunane Granvin og Ulvik blir hummaren freda langs heile sjølinja.

I Hardanger skal fredingsområda gjelda frå land og ut til 50 meters djup. I Vestfold er grensene for fredingsområda definert på kartet.

Hummerfreding Vestfold

Garn er framleis lov

Fredinga gjeld til og med 31. desember 2025 for alle områda.

– I Hordaland er det kome inn fleire innspel til høyringa om fredingsområda, men dei fleste er positive til tiltaket. Ein kan framleis fiska med garn og anna reiskap i områda, men eventuell hummarfangst må sjølvsagt sleppast ut att, seier Lisæter.

Når hummarfisket tek til 1. oktober vil dei nye fredingsområda bli kontrollerte på lik linje med eksisterande fredingsområde.

hummer

NYE FREDINGSOMRÅDE: Hummaren blir totalfreda i ni nye område i indre Hardanger og tre område i Vestfold.

Foto: Havforskningsinstituttet

Ver merksame på dei nye områda

I region Sør er det planlagt samarbeidsaksjonar med mellom anna politi, kystvakt, skjergardstenesten og Statens naturoppsyn i både Østfold og Vestfold.

– Vi vil fokusera på Færder nasjonalpark og dei nye fredingsområda. Fiskeridirektoratet sin eigen oppsynsbåt «Munin» vil også bli brukt til kontrollar i desse områda. I tillegg prioriterer vi oppfølging av tips om reiskapsbruk i dei freda områda, opplyser seksjonssjef for forvaltningsseksjonen i region Sør, Anne Brit Fjermedal.

  • Detaljerte kart og fredningsreglar finn du her.

Kan bli fleire fredingsområde

Direktoratet oppmodar kommunane om nye fredingsinitiativ:

– Responsen frå kommunane generelt har ikkje tatt heilt av, vedgår Lisæter. – Får vi nye forslag, vil vi i samarbeid med kommunen undersøkja aktuelle område og kartleggja fiskeriaktiviteten der.