For andre gong på ei veke tapte HSD ein anbodskonkurranse til sjøs. Siste veke blei det kjend at rederiet ikkje lengre får drive gassferjene i sambandet Halhjem - Sandvikvåg.
No har HSD også tapt snøggbåtruta mellom Askøy og Bergen.
Vinnaren
Det nye Bergen-Nordhordland Rutelag A/S er tildelt anbodet på snøggbåtruta mellom Askøy og Bergen. BNR får driva ruta frå 1. april 2005 og fram til og med 2014. Det er lagt opp til ei vidareføring av dagens rutetilbod, med same opningstider og frekvens som i dag, heiter det i ei pressemelding.
Fylkestinget i Hordaland har vedteke å leggja snøggbåtrutene i Hordaland ut på anbod. Denne ruta mellom Nøstet i Bergen og Kleppestø i Askøy er først ute.
Åtte anbod
Det kom inn i alt åtte anbod på ruta. Blant dei aktuelle anboda varierte kravet om årleg tilskot frå omlag 250.000 kr til om lag 3,5 millionar kroner.
Alle dei aktuelle driftsopplegga som er tilbydde, er vurderte til å ha ein tilfredsstillande kvalitet. Etter ei samla vurdering av alle kriteria der prisen til slutt vart utslagsgjevande, har fylkesrådmannen vedteke å tildela ruteløyvet til Bergen-Nordhordland Rutelag A/S, heiter det i pressemeldinga frå fylkeskommunen.